Nytt
Klar for Moltu-sal om kort tid
Bustyrar Thore Heggen har fire-fem interessentar til fiskerindustrieigedomen på Moltustranda og vil snart invitere til visning.
12.09.2019
Selskapet Sandanger Invest kjøpte tidlegare i år deler av utstyret i fabrikkanlegget og har frist til i dag med å flytte ut det som framleis står att i bygningane.
Kjøpet omfatta mellom anna kjøle- og frysekompressorar, amoniakktankar, røropplegg og system for distribusjon og av glykol og termalolje, røykeriomnar og røropplegg og vaskestasjonar. Prisen var 1,33 millionar kroner.
Straks flyttinga er gjort vil Heggen invitere til visning og bodrunde.
Etterpå vart salet lagt på is i samband med behandlinga av konkurssaka mot eigedomsselskapet Sunnmøre Eiendom Moldtu, med Edgar Sandanger som stor aksjonær.
Sandanger, som dreiv fiskeforedling og-sal i bygget gjennom selskapet Sunsea og Sunsea Seafood (begge er konkurs), forsøkte å unngå konkurs , og ville få etablert ny drift i bygget, men vann ikkje fram i retten. I slutten av august var konkursen rettskraftig, og Heggen kunne starte arbeidet med eit sal på nytt.
Det er langt på veg dei same aktørane som tidlegare har varsla at dei kan vere interesser i å kjøpe eigedomen.
Heggen seier det først blir invitert til visning, før det blir sett i gang ein bodrunde. Han reknar med ei avklaring om kven som tek over vil kome før årsskiftet.
Kjøpet omfatta mellom anna kjøle- og frysekompressorar, amoniakktankar, røropplegg og system for distribusjon og av glykol og termalolje, røykeriomnar og røropplegg og vaskestasjonar. Prisen var 1,33 millionar kroner.
Straks flyttinga er gjort vil Heggen invitere til visning og bodrunde.
Konkurs
Eigedomen vart lagt ut på tvangssal i fjor. I vinter sa Innovasjon Norge, som er største panthavar i bygget, nei til eit bod på 2,2 millionar kroner. Taksten på anlegget var 5,5 millionar kroner.Etterpå vart salet lagt på is i samband med behandlinga av konkurssaka mot eigedomsselskapet Sunnmøre Eiendom Moldtu, med Edgar Sandanger som stor aksjonær.
Sandanger, som dreiv fiskeforedling og-sal i bygget gjennom selskapet Sunsea og Sunsea Seafood (begge er konkurs), forsøkte å unngå konkurs , og ville få etablert ny drift i bygget, men vann ikkje fram i retten. I slutten av august var konkursen rettskraftig, og Heggen kunne starte arbeidet med eit sal på nytt.
Kjøparar klare
- Vi har fire-fem aktørar som har meldt seg, seier Heggen.Det er langt på veg dei same aktørane som tidlegare har varsla at dei kan vere interesser i å kjøpe eigedomen.
Heggen seier det først blir invitert til visning, før det blir sett i gang ein bodrunde. Han reknar med ei avklaring om kven som tek over vil kome før årsskiftet.
Publisert: 12.09.2019 15:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39