Nytt
Klar for neste trekk på Strynefjellet
Svein Sunde er glad for støtta til ny tunnel på riksveg 15 og håpar Statens vegvesen kan starte på reguleringsarbeidet.
Marius Rosbach
16.09.2020
Etter Samferdselskonferansen i Loen i førre veke er det klart at det er stor semje i regionen om at det trengst ein ny tunnel på riksveg 15 over Strynefjellet. Primus motor for konferansen, Svein Sunde i Gode Vegar er nøgd med resultatet av samlinga.
– No står tre fylker, og alle kommunar og regionar som har riksveg 15 som sitt aust-vest-samband, samla om dette, påpeiker Sunde overfor NETT NO.
Undervegs fekk deltakarane mellom anna vist høyre om dei med smale og utdaterte tunnelar, rasfare - og ein veg som ofte blir stengt vinterstid.
Samferdslepolitikar at det ville bli hard kamp om å få plass i komande Nasjonal Transportplan (NTP) – men også han såg behovet for opprusting på Strynefjellet.
– Statens vegvesen har sagt at dei er klare til å sette i gong, så vårt neste fokus blir å få ut bestillinga som trengst for at vegvesenet kan gå i gong med reguleringsplanen, slik at vi er heilt gryteklare, fortel Sunde.
Håpet er at prosjektet i første omgang kjem inn med planleggingsmiddel. Då kan eit «lite millionbeløp» vere nok, seier Sunde.
Avdelingssjef Hans Ørjasæter i Stryn Energiat det i dette prosjektet var fleire aktørar som har behov for eit betre straumnett – og etterlyste ei betre samordning mellom alle desse.
– Vi har fått synleggjort ein mangel og at det er ein jobb å gjere med å få opp linjenettet. Problemet er ikkje straumproduksjon, men det er ikkje linjenett med god nok kapasitet, seier Sunde – men trur ikkje utfordringa er uoverkomeleg.
Dei vil ta opp saka med energidepartementet og andre aktuelle instansar, for å høyre kva som kan gjerast.
– No står tre fylker, og alle kommunar og regionar som har riksveg 15 som sitt aust-vest-samband, samla om dette, påpeiker Sunde overfor NETT NO.
Undervegs fekk deltakarane mellom anna vist høyre om dei med smale og utdaterte tunnelar, rasfare - og ein veg som ofte blir stengt vinterstid.
Samferdslepolitikar at det ville bli hard kamp om å få plass i komande Nasjonal Transportplan (NTP) – men også han såg behovet for opprusting på Strynefjellet.
Trur på plass i NTP
Sunde er optimistisk til at prosjektet med ein prislapp på 4,2 milliardar vil få plass i NTP-en som blir lagt fram neste år. Planen er ein lang tunnel med framtidig arm til Geiranger. Han fortel at Statens vegvesen allereie har gjort eit grundig forarbeid i rapporten om konseptvalet.– Statens vegvesen har sagt at dei er klare til å sette i gong, så vårt neste fokus blir å få ut bestillinga som trengst for at vegvesenet kan gå i gong med reguleringsplanen, slik at vi er heilt gryteklare, fortel Sunde.
Håpet er at prosjektet i første omgang kjem inn med planleggingsmiddel. Då kan eit «lite millionbeløp» vere nok, seier Sunde.
Utfordring med straumnettet
På Loen-konferansen fekk tilhengarane også ei anna utfordring på bordet frå kraftselskapa. Dei påpeika at for at det skal byggast veg må også straumnettet rustast opp. Og slikt tek tid.Avdelingssjef Hans Ørjasæter i Stryn Energiat det i dette prosjektet var fleire aktørar som har behov for eit betre straumnett – og etterlyste ei betre samordning mellom alle desse.
– Vi har fått synleggjort ein mangel og at det er ein jobb å gjere med å få opp linjenettet. Problemet er ikkje straumproduksjon, men det er ikkje linjenett med god nok kapasitet, seier Sunde – men trur ikkje utfordringa er uoverkomeleg.
Dei vil ta opp saka med energidepartementet og andre aktuelle instansar, for å høyre kva som kan gjerast.
Les også:
Vårt neste fokus blir å få ut bestillinga som trengst for at vegvesenet kan gå i gong med reguleringsplanen, slik at vi er heilt gryteklare
Publisert: 16.09.2020 05:55
Sist oppdatert: 07.04.2021 16:18