- Vi har tenkt å vere her vidare framover, og då må vi også utvikle oss i takt med nye behov.
- Båtane vert stadig større og komplekse, og vi må tilpasse oss nye tider.
Det seier verftsdirektør Jarle Gunnarstein ved Sande-bedrifta.
Onsdag kunne han også fortelje at dei hadde for Rostein.
Sentralt er bygging av ei ny tørrdokk på 120 x 24 meter, samt bygging av ein hall over dokka. Høgda på hallen vert 31 meter opp til mønekammen frå kainivå.
Gunnarstein seier at ei slik satsing vil gjere det muleg å auke aktiviteten ved verftet, i tillegg til at ein kan ta på land langt større båtar enn i dag.
- Frå jul og i fire månader framover var det tre dagar med opphaldsvêr, samstundes som vi skulle gjere ferdig den hybride brønnbåten Ro Vision.
- Vi klarde jobben, faktisk før tida, men for framtida kan vi med denne utbygginga få det betre tilrettelagt for å gjere arbeidet.
- I tillegg så har vi miljøomsyn med støy og støv til nærområdet.
Eksisterande kai skal utvidast med 52 meter, i tillegg til at det skal byggjast ei heilt ny kai mot vest.
- Vi startar så fort som vi får alle løyve i orden. Planen er først å byggje ein anleggsveg på sørsida av verftsområdet, og starte med utfylling i sjøen til kaia mot vest.
Gunnarstein vil ikkje ut med prisen på dei planlagde prosjekta.
- Det er snakk om fleire titals millionar kroner, ei satsing som vil trygge arbeidsplassane, og leggje grunnlag for at det også kan kome fleire.
- Dei tiltaka vi gjennomfører vil føre til langt mindre støy.
Gunnarstein har også tru på at koronakrisa vil føre til at endå fleire reiarar vil tenke seg om byggje båtane sine i Norge, spesielt no når den norske krona er så svak.
- Hos oss er det i alle fall full aktivitet for tida, og vi har flere forespørslar om nye prosjekt.
- Vi håper at den situasjonen vi er inne i no får fleire til å tenkje på å satse norsk når dei skal ha ny båt.
Verftet er no i full gang med utrustinga av den hybride brønnbåten Ro Venture, som etter planen skal leverast før sommarferien.
- Vi hadde ikkje påskeferie i år, men vi satsar på å ha sommarferie. Mange av dei utanlandske tilsette ser no fram til å kome heim ein tur.
- Båtane vert stadig større og komplekse, og vi må tilpasse oss nye tider.
Det seier verftsdirektør Jarle Gunnarstein ved Sande-bedrifta.
Onsdag kunne han også fortelje at dei hadde for Rostein.
Les meir:
Dokk på 120 x 24 meter
Kommunestyret i Sande gav tysdag grønt lys for reguleringsplanen for utviding av verftsområdet.Sentralt er bygging av ei ny tørrdokk på 120 x 24 meter, samt bygging av ein hall over dokka. Høgda på hallen vert 31 meter opp til mønekammen frå kainivå.
Gunnarstein seier at ei slik satsing vil gjere det muleg å auke aktiviteten ved verftet, i tillegg til at ein kan ta på land langt større båtar enn i dag.
Betre arbeidsforhold
Han legg også vekt på arbeidsforholda for dei tilsette.- Frå jul og i fire månader framover var det tre dagar med opphaldsvêr, samstundes som vi skulle gjere ferdig den hybride brønnbåten Ro Vision.
- Vi klarde jobben, faktisk før tida, men for framtida kan vi med denne utbygginga få det betre tilrettelagt for å gjere arbeidet.
- I tillegg så har vi miljøomsyn med støy og støv til nærområdet.
Meir kaiplass
Men før dokkprosjektet vert sett i gang, skal det byggjast meir kaiplass.Eksisterande kai skal utvidast med 52 meter, i tillegg til at det skal byggjast ei heilt ny kai mot vest.
- Vi startar så fort som vi får alle løyve i orden. Planen er først å byggje ein anleggsveg på sørsida av verftsområdet, og starte med utfylling i sjøen til kaia mot vest.
Gunnarstein vil ikkje ut med prisen på dei planlagde prosjekta.
- Det er snakk om fleire titals millionar kroner, ei satsing som vil trygge arbeidsplassane, og leggje grunnlag for at det også kan kome fleire.
Håper på meir norsk skipsbygging
Han seier at kaiutvidingane vil føre til at det vert lettare å kople skipa til landstraum, og at færre skip treng å liggje ved sidan av kvarandre.- Dei tiltaka vi gjennomfører vil føre til langt mindre støy.
Gunnarstein har også tru på at koronakrisa vil føre til at endå fleire reiarar vil tenke seg om byggje båtane sine i Norge, spesielt no når den norske krona er så svak.
- Hos oss er det i alle fall full aktivitet for tida, og vi har flere forespørslar om nye prosjekt.
- Vi håper at den situasjonen vi er inne i no får fleire til å tenkje på å satse norsk når dei skal ha ny båt.
Verftet er no i full gang med utrustinga av den hybride brønnbåten Ro Venture, som etter planen skal leverast før sommarferien.
- Vi hadde ikkje påskeferie i år, men vi satsar på å ha sommarferie. Mange av dei utanlandske tilsette ser no fram til å kome heim ein tur.
Det er snakk om fleire titals millionar kroner, ei satsing som vil trygge arbeidsplassane, og leggje grunnlag for at det også kan kome fleire
Publisert: 29.04.2020 16:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56