Kina
KINATUR: Tai An Kou skal frakte Olympic Pegasus til sine nye eigarar i Kina. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Klar for transport til Kina

19 år gamalt offshoreskip seld til Kina.

08.01.2022

Olympic-reiarlaget i Herøy har seld det 19 år gamle offshoreskipet Olympic Pegasus til kinesiske aktørar. Det opplyser reiar Stig Remøy til Vikebladet Vestposten.

Frakta skal gjerast av den kinesiske lastebåten Tai An Kou, som no er klar for den lange reisa.

Olympic Pegasus vart levert frå Ulstein Verft til Olympic i desember 2002. Skipet vart då karakterisert som ein kraftplugg som kunne ta på seg alle typer ankerhandteringsoppdrag på store djup, i tillegg til andre operasjonar.

Men sidan 2017 har skipet lege i opplag, og er no seld.

Olympic Pegasus er 82,10 meter lang og 20 meter brei, og er no plassert på dekket til det halvt nedsenkbare kinesiske tunglasteskipet Tai An Kou.

Dette skipet er 156 meter langt, 36 meter breidt og har Guangzhou som heimehamn.

Publisert: 08.01.2022 16:20

Sist oppdatert: 08.01.2022 16:43

Mer om