Klar for utrusting av denne hollendaren
HAVVIND: Acta Centaurus klar for utrusting ved Ulstein Verft.
Nytt

Klar for utrusting av denne hollendaren

Ulstein satsar stort på design og bygging av servicesskip til vindindustrien, og startar no utrustingsarbeidet på havvindskipet Acta Centaurus.

11.12.2018
Dette er det andre skipet til hollandske Acta Marine, og skipet er av designtypen Ulstein SX195.
Skipet er 93,4 meter langt og 18 meter breitt, og er no på plass ved Ulstein etter at skroget er bygd ved det polske Crist-verfet.

Levering før sommaren 2019

I ei pressemelding frå Ulstein blir det opplyst at skipet i løpet av dei komande månadene bli utrusta, kommisjonert og utførleg testa.
Ved levering ved starten av andre kvartal 2019, vil Acta Centaurus, saman med Acta Auriga og Acta Orien, utgjere det tredje fartøyet i Acta Marine sin flåte som vil vere dedikert til walk-to-work, offshorelogistikk og overnattingstenester for ulike kundar innan offshore-fornybar og offshore-energibransjen.
Les her:
Det hollandske familieselskapet har blant anna fått kontrakt med Ocean Breeze Energy for å utføre serviceareid ved vindparken Bard Offshore 1 i Tyskebukta.

Plass til 120 personar

Acta Centaurus er eit såkalla walk-to-work konstruksjonsstøttefartøy.
Når Ulstein Verft er ferdig med utrustinga, vil skipet ha følgjande utstyr:
  • Sikker og trinnlaus person- og lastoverføring med bevegelseskompensert gangveg opp til 3 meter signifikant bølgjehøgde
  • 3D-bevegelseskompensert kran for 6 tonns lastehandtering i sjøforhold opp til 2,5 meter signifikant bølgjehøgde
  • Optimal skrogform med Ulstein X-bow og Ulstein X-stern for å kunne arbeide under ugunstige vertilhøve
  • Moderne hotellfasilitetar for inntil 120 personar
  • 1000 kvadratmeter dekksplass for lastlagring
  • Helikopterdekk

Kontrakten vart inngått 6. februar i år.
I ordreboka har Ulstein også bygginga av Color Hybrid, ein stor kabellegger til Nexans, eit ekspedisjonscruiseskip til Lindblad Explorations og eit offshore vindskip til Bernhard Schulte.

Publisert: 11.12.2018 09:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29