NTB qpi T Xa Vpd EU
PORSGRUNN: Vil forhindre dei enorme årlege oljeutsleppa frå smørjemiddel frå skip gjennom utvikling av miljøvennleg smørjemiddel. Her det autonome skipet Yara Birkeland ved kai ved Herøya Industripark. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Nytt

Vil stoppe forureining med miljøvenleg smørjemiddel

Lekkasjar av miljøskadelege smørjemiddel frå skip gir årleg eit utslepp som svarer til Noregs areal. Forsking kan løyse problemet.

NPK
12.08.2022

No er norske teknologar med på å utvikle miljøvennleg smørjemiddel som ei løysing på dette problemet.

Det skriv Gemini.no.

Alle skipsmotorar treng smørjemiddel for å fungere – mellom anna for å minske friksjon, slitasje og energitap.

Lek kontinuerleg
Enkelte stader i motorsystemet er ei pakning det einaste som skil olja på den eine sida og havet på den andre. Gjennom slike barrierar lek det kontinuerleg.

Lekkasjane kjem av at motorsystem ikkje kan gjerast hundre prosent tette. I tillegg er det få økonomiske insentiv for å vinne tilbake smørjemiddel.

Forsking har resultert i eit grønt alternativ: miljøvennlege smørjemiddel. Men grunna store utfordringar med miljøvennlege smørjemiddel, er det uvisst om dei er optimaliserte for eksisterande motorsystem.

Endra framdriftssystem
Gjennombrotet for grøne smørjemiddel har derfor halde seg borte i skipsfarten. Skal dei ta av, trengst ny materialteknologi og endra framdriftssystem for skip.

Nettopp dette utviklar Sintef og NTNU no saman med verdsleiande bedrifter på feltet. Forskarane meiner at Noreg bør ta ei langt meir aktiv rolle i utviklinga av miljøvennlege smørjemiddel.

Fleire andre sektorar vil hauste gevinstar av kompetansen dei no byggjer opp om miljøvennlege smørjemiddel. Blant dei er landbruket, der ein har lekkasjar til jord frå landbruksmaskiner, og jernbanesektoren.

Publisert: 12.08.2022 12:30

Sist oppdatert: 12.08.2022 12:30