Klare for storsatsing paa storsmolt
SATSAR: I anlegget som er under bygging bak skal det produserast smolt opp til ein kilo. Frå venstre driftsleiar Børge Skogen, røktar Rolf Audun Vartdal, dagleg leiar Ottar Vartdal og røktar Arne Ole Vartdal.
Nytt

Klare for storsatsing på storsmolt

Dei byggjer verdas største smoltkar, og er klare til storproduksjon av stor smolt opp til eitt kilo.

26.06.2015
- Vi satsar no fordi styresmaktene legg til rette for produksjon av større smolt, seier dagleg leiar Ottar Vartdal i Vartdalgruppa.
Han er snart klar til å produsere smolt på 600-800 gram og redusere tida laksen er i sjøen med 4-5 månader.
Vartdal er ikkje redd for storsatsinga.
- Nei, eg har vore redd for mykje anna, men dette veit eg er ei rett satsing.

3,3 millionar liter i eitt kar

Torsdag starta støypinga av verdas største smoltkar ved smoltanlegget til Vartdal Fiskeoppdrett, eit spesialkonstruert kar frå Sande-bedrifta Brimer. Karet har ein diameter på 28 meter og ei høgde på 5,5 meter.
- Karet vil romme 3,3 millionar liter, seier Vartdal.
Dei sju andre kara på plassen skal også få auka høgda med to meter. Over skal det byggast ein stor hall.
- Det er ei stor satsing. Det vil nok koste nokre titals millionar, seier Vartdal, utan å fortelje den eksakte summen.
- Saka er at vi kan tilpasse satsinga etter behov.

Borar etter sjøvatn

Vatnet til smoltanlegget hentar han frå sjøen, eller rettare sagt frå sjøen som finst under havbotnen utanfor anlegget.
- Vi har bora ei rekkje hol, der vi har bora 45 meter under havbotnen.
- Gjennom spesiallaga rør hentar vi opp ferdig filtrert sjøvatn, eit vatn som har lavt innhald av mineral og som held prima kvalitet. Silane går frå 20 meter under havbotnen og ned til 45 meter.
Vartdal seier at kvar av dei fem borehola som er ferdigbora leverer seks kubikkmeter vatn i minuttet.
- Vi treng store mengder vatn til smoltproduksjonen. Dette kan vi no få frå sjøen som er under havbotnen.

Utbygging på Urke

Vartdal-gruppa har også eit smoltanlegg på Urke i Hjørundfjorden.
- Vi planlegg å gjere same utbygginga der, men vi startar på Vartdal.
Ottar Vartdal har drive med oppdrett heile sitt vaksne liv etter at han starta saman med faren Rolf i 1979/80. No har han fire matfiskkonsesjonar, to smoltanlegg, eige slakteri og eige fryseri.
- Eg likar å ha kontroll på alle delene i verdikjeda. Det gir best resultat totalt sett.

Skeptiske forskarar

Han seier at det er ein draum som no vert realitet gjennom satsinga på storsmolt.
- Dette er noko eg har tenkt på lenge. No var det tid for å satse, spesielt ettersom det frå styresmaktene sin side er eit klart ønskje om å stimulere til tiltak som aukar størrelsen på smolten.
Ei rekkje forskarar og andre forståsegpåarar har hittil vore skeptiske til om setjefiskprodusentane klarer å få fram storsmolt heilt opp til eitt kilo.
Sjølv om åtte norske aktørar hittil har søkt om løyve til å produsere smolt inn til eitt kilo, har ingen så langt kome lenger enn til smolt på 500 gram. Dei fleste ligg på 200-300 gram.

Startar med smolt på 600-800 gram

Ottar Vartdal meiner at det ikkje skal vere store problem med å produsere smolt på eitt kilo i hans anlegg.
- Vi har gjort ein god del forsøk for over 20 år sidan rundt dette, og det gjekk bra då, seier Vartdal.
Han opplyser at i første omgang til å satse på smolt frå 600 til 800 gram. Planen er at den første storsmolten skal i sjøen til våren.
Hittil har smolten vore rundt eitt år gamal og hatt ei vekt på 80-120 gram.
Ved å auke smoltvekta til 600-800 gram, sparer ein fire-fem månader i merdene i sjøen. Dette igjen fører til at det kan gå 30-40 % meir laks gjennom sjøanlegga.

Slutt med smoltsal

I år reknar Vartdal med at selskapet kjem til å produserer 5.500 tonn laks.
- Vi legg opp til ein betydeleg auke frå 2016 av.
Han seier at det frå neste år vert slutt på at Vartdal-gruppa skal selje smolt til andre.
- I så fall vert det berre nokre småparti. Vi reknar med å trenge all kapasiteten sjølv.

Reduserer luseplagen

Han meiner at satsinga også reduserer luseplagen.
- Vi brukte ni millionar kroner i fjor i kampen mot lakselusa. Ved at smolten er større når den kjem i sjøen, og fisken er kortare tid i sjøen, reknar vi med at luseplaga også vert betydeleg redusert.
- Vi håper på å handtere luseplagen berre ved hjelp av leppefisk.
I dag har gruppa rundt 45 tilsette.
Ottar Vartdal seier at det etter kvart skal tilsetjast fleire.
- Vi reknar med å passere 50 til neste år.

Viktig for slakteriet

Driftsleiar Andreas Moe ved Vartdal-gruppa sitt lakseslakteri Western Seaproducts, helsar satsinga hjarteleg velkomen.
- For oss har det mykje å seie at vi kan få større og jamnare produksjon.
Ved slakteriet på Vartdal arbeider det 16-17 tilsette. Dei fleste er lokale.
- Vi er vel det einaste slakteriet i Norge der så godt som alle tilsette er norske. Dette er ein viktig arbeidsplass, seier Moe.

Fransk luksus-laks

Mykje av Vartdal-laksen hamnar i Frankrike, mellom anna under det eksklusive merkenamnet Label Rouge, der det vert stilt spesielle krav til kvaliteten. Prisen er dermed også ein god del høgare enn for ordinær laks.
I fjor oppnådde Ottar Vartdal sitt heileigde selskap Vartdal Invest sitt beste resultat nokon gong. Omsetninga stoppa på 211 millionar kroner og resultatet før skatt vart solide 34 millionar kroner.

Vil vekse

Ottar Vartdal har ingen planar om sal av suksess-bedrifta.
- Nei, det er dette eg kan, og det er dette eg likar å styre med. Då ser eg ingen grunn til å selje.
- Vi vil heller kjøpe, om noko skulle by seg.
Vi treng store mengder vatn til smoltproduksjonen. Dette kan vi no få frå sjøen som er under havbotnen

Publisert: 26.06.2015 06:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45