- Nye målingar viser at her er 3,4 millionar tonn kalkstein. Med eit uttak på 26.000 tonn i året, har vi nok til nye 130 år.
Det seier styreleiar Jan Kjetil Paulsen, som for tida også fungerer som dagleg leiar for Sande-bedrifta.
Prognosene er ikkje urealistiske ettersom Breivik kalkverk siste åra har teke ut rundt 20.000 tonn årleg, men det var lenge usikkert kor mykje kalk som faktisk fantest i området.
- Etter at eg kom inn i familien, har eg alltid høyrt at det var snakk om kalk for 20-30 år til. For å vite nøyaktig, gjennomførde vi grunnundersøkingar. Resultatet var oppløftande. Her er mykje kalk, i rundt 40-50 meter djupne over eit stort område.
- Bedrifta er framleis familieeigd, men no er det ungkalvane på rundt 50 som har overteke, seier Paulsen. Han er opphaveleg frå Herøy, bur i Oslo og er sjølv er inngift i Dyrhol-familien.
Paulsen tok over som styreleiar i oktober fjor, og har sett i verk fleire tiltak for å ruste opp bedrifta for framtida.
- Mellom anna gjorde vi i fjor ein del nødvendige oppgraderingar og vedlikehaldsarbeid. Dette var også årsaka til at vi i fjor gjekk med rundt ein halv million kroner i minus, seier han.
Han er ikkje redd for framtida, men seier at det vil krevje omstilling og vidareutvikling.
- Vi har store konkurrentar som Franzefoss, og vi er truleg den minste aktøren i Norge, og kanskje den minste kalksteinsprodusenten i verda.
- Det vil alltid vere behov for kalsiumkarbonat som innsatsfaktor i både industriproduksjon, jordbruk og matvarer.
Kalkmjølet som går til dyrefor finn vi gjerne igjen på frukostbordet i mjølka, osten og eggeskalet.
- Her har vi gode og langsiktige avtalar, seier Paulsen.
- Her merkar vi auka etterspørsel, ikkje minst til store vegprosjekt.
I tillegg leverer ein kalk til jordforbetring, spesielt til bønder.
- Her er det logistikkmessige utfordringar, og vi har ikkje vore flinke nok til å handtere denne delen på ein god måte, seier Paulsen.
Dei første planane gjekk ut på å leggje tunnelen gjennom kalkverket sitt område og med tunnelinnhogg i øverste del av kalkforekomsten.
- Heldigvis vert det no sett på alternativ der ein legg traseen rett utanfor kalkforekomsten. Vi har no ein god dialog med bruprosjektet for å finne gode løysingar.
- Når både Rovdefjorbrua og Stad-tunnelen er på plass, vil dette kunne bli eit viktig knutepunkt mellom sjø og landtransport, og her kan ein kombinere dette med å byggje eit stort kaianlegg med djupvasskaier.
- Her ligg eigentleg det meste til rette for at Sande kan byggje opp eit anlegg som minner mykje om industriområdet Mjølstadneset i Herøy, seier Paulsen.
I dag er det ni tilsette ved Sande-bedrifta. Paulsen reknar med at talet vil auke på litt sikt.
- Vi ser lyst på framtida, men no er fokuset på å modernisere anlegget og effektivisere drifta.
- Vi snakkar trass alt om den eldste bedrifta i Sande som framleis er i drift. Vi satsar på at dette skal vare mykje lenger.
Det seier styreleiar Jan Kjetil Paulsen, som for tida også fungerer som dagleg leiar for Sande-bedrifta.
Prognosene er ikkje urealistiske ettersom Breivik kalkverk siste åra har teke ut rundt 20.000 tonn årleg, men det var lenge usikkert kor mykje kalk som faktisk fantest i området.
- Etter at eg kom inn i familien, har eg alltid høyrt at det var snakk om kalk for 20-30 år til. For å vite nøyaktig, gjennomførde vi grunnundersøkingar. Resultatet var oppløftande. Her er mykje kalk, i rundt 40-50 meter djupne over eit stort område.
Ungkalvane overtok
Sande-bedrifta har vore gjennom eit generasjonsskifte etter at etterkomarane etter Ingvald Dyrhol no har overlete ansvaret til ein ny generasjon. Ingvald Dyrhol kjøpte kalkverket frå Hydro i 1927 etter at Ole Breivik starta opp kalkproduksjon i 1885.- Bedrifta er framleis familieeigd, men no er det ungkalvane på rundt 50 som har overteke, seier Paulsen. Han er opphaveleg frå Herøy, bur i Oslo og er sjølv er inngift i Dyrhol-familien.
Paulsen tok over som styreleiar i oktober fjor, og har sett i verk fleire tiltak for å ruste opp bedrifta for framtida.
- Mellom anna gjorde vi i fjor ein del nødvendige oppgraderingar og vedlikehaldsarbeid. Dette var også årsaka til at vi i fjor gjekk med rundt ein halv million kroner i minus, seier han.
Omstilling og vidareutvikling
Også i år har det vorte gjort oppgraderingar på anlegget, og på litt sikt er det planen å investere i betre mølle slik at ein kan auke både produksjons- og silokapasiteten.Han er ikkje redd for framtida, men seier at det vil krevje omstilling og vidareutvikling.
- Vi har store konkurrentar som Franzefoss, og vi er truleg den minste aktøren i Norge, og kanskje den minste kalksteinsprodusenten i verda.
- Det vil alltid vere behov for kalsiumkarbonat som innsatsfaktor i både industriproduksjon, jordbruk og matvarer.
Tre hovedprodukt
Breivik kalkverk konsentrerer seg no om tre hovedprodukt. Det eine er kalk til dyrefortilsetjing. Kvar månad går det ein båt frå Breivik kalkverk med 1.200 tonn dyrefortilsetjing til Felleskjøpet i Stavanger og til Agri Mølle på Tou.Kalkmjølet som går til dyrefor finn vi gjerne igjen på frukostbordet i mjølka, osten og eggeskalet.
- Her har vi gode og langsiktige avtalar, seier Paulsen.
Store blokker
Det andre produktet er forskalingsblokker i ulike størrelsar, der bedrifta mellom anna produserer Recon-blokker på lisens for eit amerikansk selskap.- Her merkar vi auka etterspørsel, ikkje minst til store vegprosjekt.
I tillegg leverer ein kalk til jordforbetring, spesielt til bønder.
- Her er det logistikkmessige utfordringar, og vi har ikkje vore flinke nok til å handtere denne delen på ein god måte, seier Paulsen.
Bruplanar gjennom området
Han er derimot litt bekymra over planane til Rovdefjordbrua. Planane her er flytebru over Rovdefjorden, med ein avsluttande tunnel frå ein holme like utanfor Breivik kalkverk og tunnel derifrå til Gurskøya.Dei første planane gjekk ut på å leggje tunnelen gjennom kalkverket sitt område og med tunnelinnhogg i øverste del av kalkforekomsten.
- Heldigvis vert det no sett på alternativ der ein legg traseen rett utanfor kalkforekomsten. Vi har no ein god dialog med bruprosjektet for å finne gode løysingar.
Sande sitt Mjølstadneset
Han ser også eit stort potensiale for å lage eit industriområde der ein i dag har kome ned på gråfjellet. Sande kommune har lagt opp til dette i Arealplanforslaget for 2013-2025, der kommunen mellom anna ser for seg at det kan kome bådedjupvasskai og industriområde.- Når både Rovdefjorbrua og Stad-tunnelen er på plass, vil dette kunne bli eit viktig knutepunkt mellom sjø og landtransport, og her kan ein kombinere dette med å byggje eit stort kaianlegg med djupvasskaier.
- Her ligg eigentleg det meste til rette for at Sande kan byggje opp eit anlegg som minner mykje om industriområdet Mjølstadneset i Herøy, seier Paulsen.
I dag er det ni tilsette ved Sande-bedrifta. Paulsen reknar med at talet vil auke på litt sikt.
- Vi ser lyst på framtida, men no er fokuset på å modernisere anlegget og effektivisere drifta.
- Vi snakkar trass alt om den eldste bedrifta i Sande som framleis er i drift. Vi satsar på at dette skal vare mykje lenger.
Det vil alltid vere behov for kalsiumkarbonat som innsatsfaktor i både industriproduksjon, jordbruk og matvarer
Publisert: 19.11.2014 15:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39