Axxis Ronny Bøhn
FEKK JA: Generalforsamlinga i Axxis Geo Solutions har sagt ja til refinansieringsplanen for administrerande direktør Ronny Bøhn og styret i seismikkselskapet.
Nytt

Klarsignal for Axxis-emisjon

Skal hente mellom 145 og 170 millionar kroner.

28.04.2021

Generalforsamlinga i Axxis Geo Solutions har godkjent refinansieringsplanen for seismikkselskapet.

Les børsmelding her

Det betyr også et klarsignal for å hente inn mellom 145 og 170 millionar kroner i ny eigenkapital i selskapet. Kapitalutvidinga vil nesten nulle ut eksisterande eigarar, der Havila Holding er den største.

Kor mange nye aksjar som blir utstedt kjem an på ein bookbuilding-prosess som blir avklart i morgon. Fristen for å teikne seg går ut 30. april.

Emisjonsbeløpet skal innbetalast etter at refinansieringsplanen er rettsleg bindande, seinast 21. juni i år.

Seismikkselskapet søkte tidlegare i år om offentlege gjeldsforhandlingar for unngå konkurs, etter at ein investor sa nei til styret sin redningsplan.

Gjeldsforhandlingane enda opp med eit framlegg til refinanserieing som no er godkjent av generalforsamlinga og som selskapet og ventar blir godkjent av kreditorane.

Publisert: 28.04.2021 15:43

Sist oppdatert: 29.04.2021 09:21