Klarsignal for Gjoesund satsing
SLIK SKAL DET BLI: Gjøsundet i Giske skal mellom anna mudrast ut (indre del), lysegrå felt skal fyllast ut og planerast. Grøne blokker illustrerer moglege nybygg i området. Når alt er ferdig har området stor fiskerihamn, 200 meter djupvasskai for tunge løft, infrastruktur for fiskeflåten og anna næringsverksemd. Dagens spolebase blir verande.
Nytt

Klarsignal for Gjøsund-satsing

Tidleg neste år legg Giske kommune jobben med å mudre ut hamneområdet i Gjøsund ut på anbod. Kan vere ferdig med jobben i 2023.

17.09.2019
Kommunen og næringslivet har planar om ei stor utbygging ved Gjøsund, mellom Valderøya og Vigra.

No har realisering av planane rykka eit lang steg fram, etter at kommunen fekk det formelle klarsignalet for å forskottere mudringa, slik at hamneområdet blir djupare.
Det er berre eit spørsmål om å finne ein dato for å signere avtalen mellom kommunen og kystdirektoratet, i følgje ordførar Harry Valderhaug i Giske kommune.

Får meir

Han er meir optimistisk enn nokon gong til at Gjøsundområdet blir ein populær plass å etablere bedrifter og arbeidsplassar, og godt nøgd med at kommunen har fått utvida beløpet den kan forskottere.
Forskottering betyr at kommune legg ut for å få mudringa gjort tidlegare - og får pengane att seinare - i staden for å vente på at det kjem statlege løyvingar etter 2024.
Opphavleg var det berekna av mudringa ville koste inntil 91 million kroner. No er beløpet sett til 105 millionar kroner. Det reduserer den økonomiske risikoen for kommunen, meiner Valderhaug.

Utvida landingsbane

Deler av massen som blir henta opp av sjøen kan bli brukt til å fylle ut i sjøen aust for rullebana på flyplassen. Det er eit alternativ som blir vurdert, i tillegg til å fylle ut og utvide landarealet ved Gjøsund, seier Valderhaug.
Poenget med å fylle ut i sjøen i forlenginga av rullebanen er at markeringslysa då kan flyttast lenger aust, slik at landingsbanen for fly blir forlenga - sjølv om ikkje rullebane blir det.

Fiskerihamn

I fjor gjekk kommunen, bedrifter og grunneigarar ved Gjøsund saman og skipa selskapet Gjøsund Utvikling for utvikle og bygge ut næringsområde ved Gjøsund og etablere fiskerihamn der.
Aksjonærarane er blant andre åtte fiskebåtreiarlag, fleire andre bedrifter og kommunen.

Publisert: 17.09.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39