Klarsignal for helse argument
KURSHOPP: Roger Hofseth er stor aksjonær og primus motor i børsnoterte Hofseth Biocare. Dagens melding om at selskapet kan bruke helseargument i marknadsføringa i USA for eitt av sine produkt blei godt mottatt blant investorane på børsen.
Nytt

Klarsignal for helse-argument

Hofseth Biocare kan bruke ei rekkje helseargument i marknadsføringa i USA, skriv selskapet i ei børsmelding.

13.10.2020
Det handlar om produktet ProGo® Bioactive Petides. Hofseth Biocare har varlsa det amerikanske mat- og legemiddeltilsynet, FDA (Food and Drug Administration) om at det vil marknadsføre produktet som eit middel med effekt på oksygenopptaket til menneske. Det skjer ved at det aukar opptaket av jern i blodet utan tilføring av jerntilskot i mat, drikke eller tablettar og utan biverknadar som jarntilskot kan ha. Fleire formuleringar på produktdeklarasjonen er sendt over til FDA, som ikkje har kome kome med innvendingar innan fristen, i følgje børsmeldinga.

Hofseth Biocare ser no etter samarbeidspartnar blant internasjonale helsekostprodusentar, i følgje børsmeldinga.

Ventar på Canada

Hofseth Biocare sende nyleg også ut ei melding om at selskapet ventar at ei avklaring i løpet av oktober på om produktet kan marknadsførastsom eit produkt med helseeffekt også i Canada.
UItgangspunktet for Hofseth Biocare sine påstandar om helseeffekt er to studiar, ei med 48 og ei med 14 personar, er gjort for å finne ut om lakseproteinproduktet Progo har ein positiv effekt for personar med lavt jarninnhald i blodet. Tilstanden, som populært blir kalla blodfattigdom, reduserer evna til oksygenopptak.

Over tre milliardar

Hofseth Biocare lagar protein-, beinmjøl- og oljeprodukt av restråstoff og avskjær frå oppdrettsnæringa. Selskapet er børsnotert, med hovudkontor i Ålesund.
Ved børsopning i dag steig kursen frå 8,63 til 9,10 kroner per aksje. Den kursen verdset heile selskapet til tre milliardar kroner.

Publisert: 13.10.2020 11:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03