Golden Energy Fagervoll børs
HENTAR PENGAR: Aksjonærane i Golden Energy Offshore Services har sagt ja til ei ny kapitalutviding i selskapet.
Nytt

Klarsignal til emisjon

Golden Energy Offshore Services skal hente meir pengar.

17.03.2021

Styret i offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Services fekk ja til framlegget om å auke eigenkapitalen i selskapet på den ekstraordinære generalforsamlinga i dag.

Les børsmelding her

I september i fjor henta selskapet inn 10,3 millionar kroner i ei kapitalutviding. Då var målet å få inn mellom 10 og 34,5 millionar kroner.

Poenget med den nye kapitalutvidinga er delvis den same som var ein av årsakene til kapitalutvidinga i fjor. Selskapet skal betale gjeld på dei to PSV-ane Energy Empress og Energy Duchess, som selskapet gjennom eit datterselskap i 2018 overtok frå Nantong Rainbow Offshore & Engineering Equipment.

Publisert: 17.03.2021 13:10

Sist oppdatert: 17.03.2021 14:01