Fjord center lights 15
GEIRANGER: Klart for ny lyskunstfestival i Geiranger. Bildet er frå ein tidlegare festival. Foto: Hyke Studio
Nytt

Klart for ny lysfestival i Geiranger

Skal gjere bygda om til eit storskala utandørs lyskunstkulturlandskap.

17.02.2022

- Med ei magisk stemning med lyskunst ute i naturen, inviterer Fjord Geiranger alle til ein sosial, sterk og inkluderande oppleving av kunst, lys og natur i ein av dei mest spektakulære reisemåla i Norge.

Det skriv aktørane bak Fjord Geiranger lyskunstfestival i ei pressemelding.

Festivalen går av stabelen 3. - 5. mars, der det vert fokus på stadspesifikke kunstverk som brukar fjellsidene, fossane, vatn og tre som viktige element i kunsten.

Denne festivalen er den einaste i sitt slag i Midt-Noreg, og det vert opplyst at det er unikt i verdssamanheng at arrangørane kan presentere ein så storstilt lyskunstfestival i vesle Geiranger.

Norske og internasjonale aktørar
Konseptet heiter SPOR, og følgjande lyskunstnarar deltek under festivalen:

- Ligh3ence av Silje Thorsager Østby og Robert Bogard/ NO

- Elements av Philipp Frank / DE

- Lyssti av Anastasia Isachsen / NO

- Lydlandskap av Nils Petter Molvær / NO

- Circa av Limbic Cinema / UK

- Woven Song av Tomas Vanz / DE og Ólafur Arnalds / IS

Lysyoga og lysbadning
Festivalen byr óg på ei rekkje andre opplevingar, som lysyoga, lysbading i Geirangerfjorden, og kunstnarmøte der publikum blir nærare kjent med kunstnarane og prosessen bak dei einskilde kunstverka.

I tillegg vert det ein konsert med ensemblet Trio BACH i Geiranger kyrkje i samarbeid med Festspela i Geiranger.

Publisert: 17.02.2022 17:51

Sist oppdatert: 18.02.2022 10:29