Klassikar skal opne nye doerer
POPULÆR: Falcon-stolen (biletet) som Vatne Møbler-sjef Per Arne Sæter relanserer i haust, var ein stor kommersiell suksess tidleg på 70-talet. No skal den gi ny vekst for Vatne Møbler.
Nytt

Klassikar skal opne nye dører

Møbelklassikaren Falcon skal gi Vatne Møbler eit comeback hos møbelhandlarar landet over.

18.09.2017
Falcon-stolen gav Vatne Møbler kollossal vekst då den blei lansert i 1971.
No skal den bane veg for eit solid comeback for møbelbedrifta, der Vatne Møblar sikta mot å vinne innpass hos rundt 30 frittståande forhandlarar landet over.
Så langt er fem forhandlarar på plass - blant dei Møbler & Miljø på Moa - og Vatne Møblar er i samtalar med fleire, i følgje dagleg leiar og hovudaksjonær Per Arne Sæter.
Han relanserte stolen på Designer Saturday 8.-10. september etter at Vatne Møbler og familien etter møbeldesignar Sigurd Resell blei samde om ein avtale tidlegare i år.
- Responsen på produktet er veldig bra, seier Sæter.

Dobbel suksess

Vatne Møbler produserte Falcon-stolen frå 1971 til 1997.
Den blei ei dobbel suksess, i følgje møbelhistorikar Eldar Høidal.
- Den hadde veldig stort sal og var godt anerkjent blant design-forståsegpåarar, seier Høidal.
I løpet av tre år auka Vatne Møbler salet fra rundt 10 til rundt 35 millionar kroner takka vere lanseringa av stolen i 1971, seier Amund Sæter (ikkje medeigar), som har skrive bok om selskapet.
Produksjonen av Falcon-stolen held fram heilt til 1997, men no er den atter tilbake i kolleksjonen, saman med to andre kjende møblar frå tidlegare tider; to lenestolar frå designaren Fredrik Kayser og sofaen Manhattan frå Knut Sæter.

Starta på nytt

I dag har Vatne Møbler fire tilsette. Planen er handtere ein eventuell ny vekst for selskapet ved å bruke underleverandørar og berre gjere den siste monteringa og stopningsarbeidet i fabrikken, i følgje Per Arne Sæter.
Han var med og starta bedrifta på nytt i 2003, etter at det forsvann ut av soga etter at Stokke kjøpte selskapet i 1989.
Etter finanskrisa i 2007/2008 vart heile selskapet lagt på is i eitt år, før Sæter og kompanjongane tok fatt på ny i 2010.
Fram til nyleg har dei i stor grad levert på bestilling og salet har skjedd direkte frå fabrikken.

Publisert: 18.09.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13