Nergård-konsernet, med investorane Arne Stang og Bjarte Tunold som storaksjonærar, arbeider med planar om å bygge fiskeolje og fiskemjølfabrikk i Måløy, og også reise eit konsumanlegg for sild- og makrell på staden.
Den første investeringa er konsernet allereie i gang med, den andre er under vurdering, sa administrerende direktør Tommy Torvanger i eit intevju med NETT NO.
Han selde seg ut til børsnoterte Austevoll Seafood, som tok med seg Welcon inn i Pelagia, der børsnoterte Austevoll Seafood og investeringselskapet Kvefi eig halvparten av aksjane kvar.
Austevoll Seafood har Arne Møgster som toppsjef, og han og hans familie som største aksjonærar. Kvefi er eit investeringsselskap som har Kverva som største eigar. Kverva er største eigar i oppdrettselskapet Salmar og investeringsselskapet til Gustav Witzøe.
Saman med tidlegare Pan Fish-topp og medeigar i Norsk Sjømat på Stranda, Bjarte Tunold, er Stang no storeigar av fiskerikonsernet Nergård i Tromsø. Dei overtok kontrollen i selskapet i 2010.
- Det finst omlag 70 industrieigedomar langs kysten som er klausulert mot bruk til mjøl- og oljeindustrien. Dette er ein av dei, seier Haugstad.
Slik Pelagia forstår klausulen omfattar den både fiskemjøl og fiskeoljeanlegg, samt pelagisk konsumanlegg, i følgje Haugstad.
Kjøpar var Ulvesund Eiendom og Industriutvikling, med Tunold og Stang som eigarar. 21. januar i år vart selskapet varsla slått saman med Nergård Pelagic, eit datterselskap i Nergård-konsernet.
- Vi har meddelt eit selskap om at vi kjem til å forhalde oss til avtalen, seier Haugstad.
Den første investeringa er konsernet allereie i gang med, den andre er under vurdering, sa administrerende direktør Tommy Torvanger i eit intevju med NETT NO.
Comeback for Stang
Som medeigar i Måløy Sildoljefabrikk og seinare Welcon medverka investoren Arne Stang i å samle den pelagiske industrien i Noreg på færre hender.Han selde seg ut til børsnoterte Austevoll Seafood, som tok med seg Welcon inn i Pelagia, der børsnoterte Austevoll Seafood og investeringselskapet Kvefi eig halvparten av aksjane kvar.
Austevoll Seafood har Arne Møgster som toppsjef, og han og hans familie som største aksjonærar. Kvefi er eit investeringsselskap som har Kverva som største eigar. Kverva er største eigar i oppdrettselskapet Salmar og investeringsselskapet til Gustav Witzøe.
Saman med tidlegare Pan Fish-topp og medeigar i Norsk Sjømat på Stranda, Bjarte Tunold, er Stang no storeigar av fiskerikonsernet Nergård i Tromsø. Dei overtok kontrollen i selskapet i 2010.
Klausulert eigedom
Dagleg leiar Egil Magne Haugstad i Pelagia seier Nergårdkonsernet gjerne må bygge fabrikkar på den aktuelle eigedomen i Måløy, men å drive dei på tomta som er omtalt i media går ikkje.- Det finst omlag 70 industrieigedomar langs kysten som er klausulert mot bruk til mjøl- og oljeindustrien. Dette er ein av dei, seier Haugstad.
Slik Pelagia forstår klausulen omfattar den både fiskemjøl og fiskeoljeanlegg, samt pelagisk konsumanlegg, i følgje Haugstad.
Kjøpte ut
Anlegget til Ulvesund Fôrmelfabrikk og den store planerte tomta ved sidane av, vart kjøpt ut av det som i dag er Pelagia.Kjøpar var Ulvesund Eiendom og Industriutvikling, med Tunold og Stang som eigarar. 21. januar i år vart selskapet varsla slått saman med Nergård Pelagic, eit datterselskap i Nergård-konsernet.
Har brevveksla
Haugstad er varsam med på å gå i detaljar om saka, men seier partane har brevveksla.- Vi har meddelt eit selskap om at vi kjem til å forhalde oss til avtalen, seier Haugstad.
Det finst omlag 70 industrieigddomar langs kysten som er klausulert mot bruk til mjøl- og oljeindustrien. Dette er ein av dei.
Publisert: 10.02.2015 16:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41