Bustyrar Bjørn Åge Hamre er fredag ettermiddag og kveld på veg heim til Bergen, men buarbeidet stoppar ikkje opp med det.
Då Hamre reiste frå verftet kunne han fortelje at dei var «nær i løysing», etter å ha fått på plass fleire viktige avklaringar.
– Vi er også nær ei totalløysing. Men ingenting er på plass, før alt er på plass, gjentek han.
Hamre vil ikkje svare på spørsmål kring kva for aktørar dei er i samtalar med om å gå inn som eigarar, eller kva oppgåver konkret som er løyst.
– Dei har relevant bakgrunn, er alt han vil seie på spørsmål om kven aktørane er, eller om dei er lokale, nasjonale eller internasjonale.
Trass i at både denne veka, avviser Hamre at dei jobbar med ei løysing som inneberer ei midlertidig leiing.
– Vi jobbar med å finne ei permanent løysing, svarar han.
– Det er dels ei mål som er i bevegelse. Jo nærare vi er ei løysing, jo meir kan ein tøye ting litt, seier Hamre, som seier at han iallfall er tilbake på verftet måndag, men at det også kan vere før.
Dei tilsette har heile veka fått beskjed om å gå på jobb som vanleg, til dei høyrer noko anna. Det er framleis beskjeden.
– Vi håpar snart å kome med noko anna når dei siste brikkene forhåpentlegvis kjem på plass, seier han.
Herøy-reiaren er framleis minoritetseigar i Myklebust, ein eigarpost han i si tid kjøpte då han gjekk inn i Kleven saman med mellom anna Petter Stordalen og Hurtigruten.
Remøy sjølv vil ikkje seie noko:
– Uansett kva du spør om, så har eg overhovudet ikkje nokon kommentar, og eg kan berre ønske deg ei god helg, er alt NETT NO får til svar på alle spørsmål kring Kleven.
Ein anna Herøy-reiar, Per Sævik, har allereie avslått sitt «kandidatur» som Kleven-eigar til lokalavisa Vikebladet.
Bustyrar Hamre har hatt lange dagar på kontoret ved verftet, saman med medarbeidarane sine. Hamre har sjølv sagt førsteprioritet er å finne nokon til å drive verftet vidare.
Tidleg i uka stadfesta bustyraren at det hadde vore «gode sonderingar», men ikkje reelle forhandlingar.
Hareid Group har hatt arbeid på forsyningsskipet som også ligg til utrustning ved verftet. Administrerande direktør Karstein Sævik opplyser til NETT NO fredag at dei «prøver å kome til bords» når det gjeld ferdigstilling av forsyningsskipet.
Korleis desse oppdraga blir løyst, er avgjerande for å få pengar inntekter til verftskassa.
Då Hamre reiste frå verftet kunne han fortelje at dei var «nær i løysing», etter å ha fått på plass fleire viktige avklaringar.
– Vi er også nær ei totalløysing. Men ingenting er på plass, før alt er på plass, gjentek han.
Jobbar med ei permanent løsying
Bustyraren fortel at dei har «brukt mykje tid» på kontakt med interessert aktørar i løpet av veka.Hamre vil ikkje svare på spørsmål kring kva for aktørar dei er i samtalar med om å gå inn som eigarar, eller kva oppgåver konkret som er løyst.
– Dei har relevant bakgrunn, er alt han vil seie på spørsmål om kven aktørane er, eller om dei er lokale, nasjonale eller internasjonale.
Trass i at både denne veka, avviser Hamre at dei jobbar med ei løysing som inneberer ei midlertidig leiing.
– Vi jobbar med å finne ei permanent løysing, svarar han.
Ting kan skje raskt
Bustyraren har heile tida vore klar på at tida er knapp, og påpeiker at ting også kan skje raskt.– Det er dels ei mål som er i bevegelse. Jo nærare vi er ei løysing, jo meir kan ein tøye ting litt, seier Hamre, som seier at han iallfall er tilbake på verftet måndag, men at det også kan vere før.
Dei tilsette har heile veka fått beskjed om å gå på jobb som vanleg, til dei høyrer noko anna. Det er framleis beskjeden.
– Vi håpar snart å kome med noko anna når dei siste brikkene forhåpentlegvis kjem på plass, seier han.
Remøy: – Ingen kommentar
Spekulasjonane har vore fleire i løpet av veka, kring kven som kan vere interessert i å ta over verftet. Etter det NETT NO kjenner til, har det vore fleire aktørar på banen for å forhøyre seg om Kleven. Ein av desse skal vere Åge RemøyHerøy-reiaren er framleis minoritetseigar i Myklebust, ein eigarpost han i si tid kjøpte då han gjekk inn i Kleven saman med mellom anna Petter Stordalen og Hurtigruten.
Remøy sjølv vil ikkje seie noko:
– Uansett kva du spør om, så har eg overhovudet ikkje nokon kommentar, og eg kan berre ønske deg ei god helg, er alt NETT NO får til svar på alle spørsmål kring Kleven.
Ein anna Herøy-reiar, Per Sævik, har allereie avslått sitt «kandidatur» som Kleven-eigar til lokalavisa Vikebladet.
Westcon stadfesta kontakt
Westcon-sjef Øystein Matre har stadfesta til NETT NO at dei har teke kontakt med bustyret i Kleven. Førebels skal det ikkje ha vore noko meir.Bustyrar Hamre har hatt lange dagar på kontoret ved verftet, saman med medarbeidarane sine. Hamre har sjølv sagt førsteprioritet er å finne nokon til å drive verftet vidare.
Tidleg i uka stadfesta bustyraren at det hadde vore «gode sonderingar», men ikkje reelle forhandlingar.
Må fullføre oppdrag
Ei anna viktig oppgåve for bustyraren er å halde arbeidet i gong på to prosjekt som er under bygging på verftet. Nordnes-reiarlaget som harein fiskebåt under ombygging, har opplyst til NETT NO at dei har sett på andre alternativ til fullføring ved Kleven.Hareid Group har hatt arbeid på forsyningsskipet som også ligg til utrustning ved verftet. Administrerande direktør Karstein Sævik opplyser til NETT NO fredag at dei «prøver å kome til bords» når det gjeld ferdigstilling av forsyningsskipet.
Korleis desse oppdraga blir løyst, er avgjerande for å få pengar inntekter til verftskassa.
Alt om Kleven-dramaet
Analyse:
Kleven-tilsette om nytt Div Group-forsøk:
Banksjef i Sparebank 1 SMSN:
Nordnes-reiarlaget bygger på Kleven:
Klubbleiar:
Tillitsvalt:
Verftsdirektøren:
Uansett kva du spør om, så har eg overhovudet ikkje nokon kommentar, og eg kan berre ønske deg ei god helg
Publisert: 10.07.2020 23:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59