Kleven direkte raaka av koronakrisa
HÅPAR PÅ KRISEHJELP: Finansdirektør Ola Beinnes Fosse (t.v.) og administrerande direktør Kjetil Bollestad håpar styresmaktene kjem med tiltak som er retta mot verftsnæringa. 
Nytt

Kleven direkte råka av koronakrisa

Verftet har fått utsett oppdrag og intensjonsavtalen om eit nytt skip for Hurtigruten er utløpt. Leiinga håpar på krisehjelp.

Marius Rosbach
24.04.2020
For berre nokre månader sidan såg det lysare ut enn på lenge for Kleven verft i Ulstein. Ny eigar var på plass og verftsleiinga hadde god tru på at nye oppdrag skulle kome på plass.
Så kom koronakrisa - og konsekvensane av den merkast no også i den maritime industrien. For Kleven sin del er mellom anna betydelege leveransar til Hurtigruten utsett.
– Vi hadde arbeid med ombygging for Hurtigruten både i år og neste år, som no er utsett, fortel finansdirektør Ola Beinnes Fosse til NETT NO.

Utsett oppdrag for Hurtigruten

Hurtigruten-sjefen korleis reiarlaget no tapar store pengar, og alle prosjekt er stoppa inntil vidare. Finansdirektøren på Kleven fortel at dei ikkje har fått noko signal om når desse oppdraga kjem på plass att.

– Slik sett blir vi direkte ramma av koronakrisa, og det gjer at vi må tenke alternativt, seier Fosse.
Kleven har levert ekspedisjonsskipa MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen til Hurtigruten. Verftet har også hatt ein intensjonsavtale om å bygge eit tredje skip av same type - men denne er no utløpt.

Les også:


Cruiseprosjekt utsett

Finansdirektøren fortel at dei jobbar med å få inn fleire oppdrag. Dei nye eigarane i DIV Group har signalisert at dei som kunne sysselsette mange av verftsarbeidarane på Kleven. Også dette er no utsett.
– Akkurat no er det meste sett på hald, fordi marknaden som det oppdraget skulle gå til, er ganske dødt, seier Fosse.
Heldigvis har verftet fått litt ekstra arbeid med . Den halvt nedsenkbare lekteren skal etter planen på oppdrag utanfor kysten av Vest-Afrika, men ligg inntil vidare til kai ved verftet.

Les også:



Reknar med nye permitteringar

Trass i utsettingane har dei kring 200 faste tilsette på verftet nok arbeid ei stund. Men Fosse trur ikkje dei unngår nye permitteringar i næraste framtid.
– Akkurat no har vi greitt med arbeid, men med desse forskyvingane må vi truleg gjere permitteringar. Vi tror ikkje det blir mange, men vi går grundig gjennom dette no, seier han.

Eit på Valderøya skal vere fullført i løpet av sommaren. I tillegg har verftet arbeid med eit . Det skal vere ferdig mot slutten av året.

Håpar på krisehjelp

Frå fleire hald er det etterlyst krisehjelp frå styresmaktene som kan gi meir aktivitet i den maritime industrien. Fosse påpeiker at kontantstøtteordninga ikkje treff dei, fordi bortfallet av inntekter kjem fram i tid.
– Vi håpar verkeleg at det kjem tiltakspakkar som treff oss betre enn det som har kome til no, seier han.
Låneordninga med statleg garanti kan vere ein moglegheit for å betre likviditeten, men finansdirektøren seier det ikkje er noko god løysing for dei.
– Verftsnæringa generelt er pressa finansielt, så det er ikkje ideelt å ta på seg meir låneforpliktingar som gir ei kortsiktig løysing. Vi håpar på tiltak som treff oss meir direkte, forklarar han.

Les også:




Synspunkt:


Samansmelting forseinka

Arbeidet med å kople Kleven saman med dei nye eigarane i DIV Group tek også lengre tid som følgje av koronakrisa. Det skuldast delvis reiserestriksjonane som er innført for å hindre smittespreiing.
– Heile integreringsprosessen er blitt forseinka. Vi ønsker å utnytte styrkane til dei ulike selskapa, men det er litt utfordrande i dag. Om dei kjem hit, må dei følgje retningslinjene som tilseier at dei må vere i karantene, før dei kan kome på verftet, fortel Fosse.
Elles har verftet ikkje hatt større problem med å halde produksjonen i gong som følgje av karantenereglane. Fosse fortel at dei tidleg sette inn tiltak for å hindre smittespreiing, og at dei ikkje har hatt koronatilfelle mellom dei tilsette.
– I dag har vi kring 20 arbeidarar som er i karantene fordi dei har kome frå utlandet, fortel Fosse.

Ny eigar inn som styreleiar

Styrearbeidet kan likevel gå sin gang i andre møteformar. Førre veke blei DIV Group-eigar Tomislav Debeljak formelt ny styreleiar i verftsselskapet. Han har også teke same rolle i Kleven Maritim Contracting og eigarselskapet DIV Shipbuilding Norway.
– Vi har ein god dialog, påpeiker Fosse.
Han held sjølv fram i , saman med mellom anna tillitsvalt Olav Høydalsvik.

Les også:


Les om Kleven-eigaren:


NHO:


Publisert: 24.04.2020 11:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56