Kleven dramaet dominerte i 2020
MEST LEST: Til høgre frå første gong Kleven-sjef Kjetil Bollestad (t.h.) møtte pressa saman med den nye eigaren Tomislav Debeljak (midten). Anja Halsebakk (oppe til venstre) leiar Rosenlund-satsinga på Sandsøya, medan Fredrik og Åge Remøy (nede til venstre) leiar eit reiarlag i medvind. 
Nytt

Kleven-dramaet dominerte i 2020

Ni av dei 15 mest leste NETT NO-sakene i 2020 handla om Kleven. Men spenstige planar på Sandsøya og Rem-vekst skapte også stor interesse. Sjekk topplista.

28.12.2020

– Eg vil ikkje, og kan ikkje, vere ein del av den operasjonen og kulturen som Debeljak er ein del av.

Det sa verftsdirektør Kjetil Bollestad på Kleven til NETT NO om kvelden 26. juni. Han kunngjorde dermed at han trekte seg som toppsjef for Kleven, og gjekk hardt ut mot den omstridde Kleven-eigaren DIV Group og Tomislav Debeljak.

Dette var den mest leste saka i NETT NO i 2020.

Og dramaet rundt Kleven dominerte lenge nyheitsbildet.

- It's a great day, sa Bollestad 6. mars, då det endeleg vart klart at kroatiske DIV Group overtok verftet etter at ei rekkje andre aktørar trekte seg.

Men deretter skar det meste seg, med konkurs og jakt etter nye eigarar, før NETT NO 13. juli kunne opplyse at det nokså overraskande gjekk mot Kvinesdal-selskapet Green Yard leia av Hans Jørgen Fedog.

Og dagen etter kunngjorde Green Yard overtakinga med Bollestad tilbake som toppsjef for eit heilt nytt Kleven.

Sjå heile topplista under

Bygger ei øy
Men også dei spenstige planane til Søvtrans-direktør Roger Halsebakk og dottera Anja Halsebakk på Sandsøya kjem inn på ein klar andreplass på lesetoppen i 2020.

17. juni kunne Anja Halsebakk opplyse at det skal satsast 100 millionar på reiseliv på øya, i hovedsak rundt Rosenlund.

Av planane er 100 overnattingsplassar, selskapslokale med plass til 200 personar, oppgradering av hamneanlegget og ei rekkje feriebustader.

- Det handlar om å bygge ei øy, sa Anja Halsebakk i NETT NO-magasinet og på NETT NO 27. desember, ei sak som er åttande mest lest.

Sjå heile topplista under

Haramsøya og Herøy
Høgt oppe på lesartoppen finn vi også saka om då Herøy-selskapet nye Rem med Åge og Fredrik Remøy i spissen tok over Rem Arctic frå Solstad Offshore, og opplyste seinare at dei jakta fleire skip frå Solstad-flåten.

Intervjuet med vindkraftmotstandar Hans Petter Thue og familien på Haramsøya vart også mykje lest. Det same om cruiseselskapa som tilbaud Havila Kystruten reserveskip ettersom Havila sine eigne nybygg vart kraftig forseinka.

Røkke og Normark
Kjell Inge Røkke har vore ein god kunde for Myklebust Verft i år, både med ombyggingsoppdraget av Akofs Seafarer og rekordskipet Rev Ocean, ei sak som er mykje lest.

Det er også saka om at krillselskapet Rimfrost fyller opp kassa.

Men det er det store mangfaldet av saker som er kjennemerket for NETT NO, slik som dei godt leste sakene om dei omfattande planane til legemiddelselskapet Arctic Nutrition, Ivar Håkon Normark si løysing for å skaffe jordbærplukkarar til Valldal, og Vartdal Plast som resirkulerer isopor og plastkasser og lagar nye arbeidsplassar.

Totalt har NETT NO produsert 4.080 saker i år, der 2.650 er hovedsaker og 1.430 er kortnytt.

Dei meste leste sakene på NETT NO i 2020

1. Verftsdirektøren ferdig på Kleven

2. Satsar 100 mill. på reiseliv på Sandsøya

3. Langset tar over Kleven-ansatte

4. Eigaren åtvarar mot Kleven-konkurs

5. Rem overtar Solstad-skip

6. Harde skuldingar mot ny Kleven-eigar

7. - Her slepp ingen anleggsmaskiner forbi

8. Det handlar om å bygge ei øy

9. Fleire cruiseseselskap tilbyr skip til Havila

10. Kontakt mellom Westcon og Kleven-bustyret

11. - Trekte oss då kanadakontrakten vart kansellert

12. Meir Røkke-arbeid til Myklebust

13. Slo seg opp på skruar

14. Rimfrost fyller kassa

15. Jobbar med å finne nye eigarar til Kleven

16. Her er tre av skipa Solstad vil skrape

17. Planlegg fabrikk til 100 mill. kroner

18. Normark inn i jordbærbransjen

19. Brukt byggisolasjon og isopor blir nye arbeidsplassar


Publisert: 28.12.2020 15:02

Sist oppdatert: 24.08.2021 23:12