Nytt
Kleven-eigaren på veg til verftet
Tomislav Debeljak som no fungerer som verftsdirektør ved Kleven, vil forsøke å finne ei løysing med långjevarane.
Marius Rosbach
30.06.2020
DIV Group- og Kleven-eigar Tomislav Debeljak er måndag på veg til Norge, ifølgje .
Målet med turen skal vere å gå i nærmare dialog med långjevarane, og prøve å kome fram til ei løysing på det som verkar å vere ein noko fastlåst situasjon, ifølge avisa.
Det kroatiske selskapet sin pressetalsmann i Norge, Johan Wilskow, stadfestar dette til NETT NO og seier Debeljak kjem til Sunnmøre seint måndag, eller tidleg tysdag.
Konkurs er eit alternativ om ikkje ei løysing kjem på bordet innan 1. juli, opplyste Debeljak.
Datoen 1. juli blei sett av styret i Kleven Verft førre onsdag - som med andre ord gav seg sjølv ei vekes frist til å løyse utfordringane ved Kleven.
DIV Group har mellom anna stilt spørsmål ved den juridiske retten som bankane, Innovasjon Norge og GIEK, har for å seie opp avtalane. Det kroatiske konsernet meiner dei har oppfylt sine forpliktingar i samband med kjøpet av det norske verftet.
«Vi står fremdeles på at vi ønsker å få til en løsning med bankene slik at vi kan drive Kleven verft videre med en rekke nye prosjekter», opplyste pressetalsmann Wilskow til NETT.NO.
«Dette benekter vi på det sterkeste og vi tar sterk avstand fra påstandene om at noen av våre medarbeidere skal ha oppført seg på en slik måte. Dette er opplysninger som var helt ukjente for oss», opplyste Wilskow i ein e-post til NETT NO seint søndag.
Målet med turen skal vere å gå i nærmare dialog med långjevarane, og prøve å kome fram til ei løysing på det som verkar å vere ein noko fastlåst situasjon, ifølge avisa.
Det kroatiske selskapet sin pressetalsmann i Norge, Johan Wilskow, stadfestar dette til NETT NO og seier Debeljak kjem til Sunnmøre seint måndag, eller tidleg tysdag.
Åtvara om konkursfare
Tomislav Debeljak sendte fredag ut ein e-post til samarbeidspartnarar og kundar om at fleire av långjevarar har terminert sine avtalar. Det har sette verftet i ein vanskeleg posisjon og dei er ikkje lengre i stand til å handtere sine finansielle forpliktingar.Konkurs er eit alternativ om ikkje ei løysing kjem på bordet innan 1. juli, opplyste Debeljak.
Datoen 1. juli blei sett av styret i Kleven Verft førre onsdag - som med andre ord gav seg sjølv ei vekes frist til å løyse utfordringane ved Kleven.
Stiller spørsmål ved oppseiinga
Det er no Debeljak sjølv som fungerer som administrerande direktør ved verftet, etter at Kjetil Bollestad har trekt seg – og blitt bedt om å gå.DIV Group har mellom anna stilt spørsmål ved den juridiske retten som bankane, Innovasjon Norge og GIEK, har for å seie opp avtalane. Det kroatiske konsernet meiner dei har oppfylt sine forpliktingar i samband med kjøpet av det norske verftet.
«Vi står fremdeles på at vi ønsker å få til en løsning med bankene slik at vi kan drive Kleven verft videre med en rekke nye prosjekter», opplyste pressetalsmann Wilskow til NETT.NO.
Avviser harde skuldingar
I løpet av helga er det kome fram misnøye med metodane til DIV Group frå fleire anonyme kjelder. Det kroatiske selskapet sin pressetalsmann i Norge, har avvist det som er omtalt som trakassering frå DIV Group sine tilsette.«Dette benekter vi på det sterkeste og vi tar sterk avstand fra påstandene om at noen av våre medarbeidere skal ha oppført seg på en slik måte. Dette er opplysninger som var helt ukjente for oss», opplyste Wilskow i ein e-post til NETT NO seint søndag.
Meir om saka:
Tillitsvalt:
Verftsdirektøren:
Vi står fremdeles på at vi ønsker å få til en løsning med bankene slik at vi kan drive Kleven verft videre med en rekke nye prosjekter
Publisert: 30.06.2020 09:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59