Kleven har nye kjoeparar paa traaden
KAN GI ARBEID TIL FLEIRE: Om Kleven sikrar ein kjøpar til forsyningsskipet, kan langt fleire kome i arbeid att på verftet. 
Nytt

Kleven har nye kjøparar på tråden

Verftet er i dialog med fleire som er interesserte å fullføre forsyningsskipet som først blei bestilt for seks år sidan. 

Marius Rosbach
22.09.2020
For eit par veker sidan blei det klart at det kanadiske reiarlaget Atlantic Towing likevel ikkje ville fullføre bygginga av eit forsyningsskip på Green Yard Kleven. Sidan har leiinga jobba vidare med å finne nokon som er interesserte i å kjøpe skipet.
- Vi har jobba målretta mot andre aktørar og er i seriøs dialog med fleire reiarar. Eg var veldig optimistisk til at vi skulle finne ei løysing sist, så no skal eg vere litt forsiktig – men eg er optimist denne gongen også, fortel verftsdirektør Kjetil Bollestad til NETT NO.
NETT NO har som har vore svært viktig for å få fleire tilsette ved verftet i arbeid. Verftet er framleis kring 30 tilsette og Bollestad fortel det ikkje ligg an til å bli fleire, før dei landar nye kontraktar.

Blei bestilt i 2014

Forsyningsskipet vart opphavleg bestilt i 2014 av islandske Fafnir Offshore, og skulle etter planen byggjast ved Havyard Leirvik. Avtalen vart deretter utsett fleire gongar, før Fafnir trekte seg i januar 2017. Etterpå overtok det kanadiske reiarlaget Atlantic Towing kontrakten på skipet, men det blei igjen store forseinkingar ved Havyard-verftet i Leirvik i Sogn.
I mars blei det kjent at Kleven overtok skrog- og skipsbyggingskontrakten, som i tillegg inngjekk ny kontrakt med reiarlaget.

Les også

:

Nordbas snart leveringsklar

Per i dag ligg Nordnes-reiarlaget sin snart ferdige Nordbas til kai ved verftet. Fiskebåten frå 1979 er fullstendig ombygd mellom anna med ny hekk og stor batteripakke om bord.

Nordbas skal på ei planlagt dokking i oktober og deretter er det klart for fiskeprøvetur og rigging for fiskeri før overlevering.
Verftet har elles seks tilsette som er inne på ei rotasjonsordning ved Green Yard-verftet ved Fedafjorden i Agder, der dei sett seg inn i resirkulering av skip.
Denne verksemda skal Kleven også starte opp med – og har sendt søknad til Miljødepartementet og starta prosessen om godkjenning for korleis det kan gjerast på en miljøvennlig, effektiv og sikker måte.
- Det blir spennande å kome i gong med vårt «nye grøne bein», seier Bollestad.

Les også

:

Publisert: 22.09.2020 17:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03