Ms finnmarken hurtigruten Agurtxane Concellon Hurtigruten 11
ARBEID TIL VÅREN: Ombygginga til eit av Hurtigruten-skipa til eit hybriddrive ekspedisjonsskip vil gi Green Yard Kleven oppdraget til våren. Foto: Agurtxane Concellon /Hurtigruten
Nytt

Kleven-oppdrag for Hurtigruten

Skal bygge om Hurtigruten-skip til å gå på både diesel og batteri

11.02.2021

Arbeidet startar i februar og vil gi arbeid utover våren 2021, ifølgje ei pressemelding.

Hareid Group frå Hareid og Fjord Technology frå Ulsteinvik er hovudleverandørar saman med Green Yard Kleven. Ventilasjon blir levert av Aeron frå Flekkefjord, og sjølve hybridpakken blir levert av Siemens.

- Dette er eit spanande oppdrag for oss, og ei god nyheit å kunne gi til våre tilsette. Ekstra hyggeleg er det også at det er lokale leverandørar som skal vere med og utføre mykje av jobben, seier Kjetil Bollestad, administrerande direktør i Green Yard Kleven i pressemeldinga.

MS Finnmarken blei bygd på Kleven og levert til Hurtigruten i 2002. Skipet totalrenovert innvendig i fjor. Den tekniske oppgraderinga og hybridpakken som no skal installerast, er siste del av ombygginga. Skipet får navnet MS Otto Sverdrup, og skal segle for Hurtigruten Expeditions.

I tillegg til å installere hybridpakken, som består av ein batteripakke i kombinasjon med dieselmotorar, skal det monterast inn nye kombinerte akselgeneratorar og drivmotorar saman med nye frekvensomformarar.

Publisert: 11.02.2021 13:27

Sist oppdatert: 10.06.2021 17:02

Mer om