Kleven selt for 113 8 millionar
BUSTYRAR: Advokat Bjørn Åge Hamre leiar arbeidet med buet etter Kleven-konkursen. 
Nytt

Kleven selt for 113,8 millionar

Summen kom fram i skiftesamling.

24.08.2020
Kleven Verft blei selt for 113,8 millionar kroner – og av dette fekk bankane 11 millionar, skriv måndag.
Kjøpesummen som Green Yard betalte for verftet i Ulstein, kom fram under den første skiftesamlinga i Sunnmøre tingrett etter konkursen måndag.

Les også

:

Omfattande buarbeid

At verftet blei selt utan ein kontrakt på plass for bygging av den , var avgjerande for at prisen ikkje blei høgare. Andre aktørar .
Til saman er det kome inn i overkant av 150 krav på kring 350 millionar.
Bustyrar Bjørn Åge Hamre fortalde ifølgje avisa at det var mindre av verdi i buet enn dei hadde sett føre seg, og at det var dårlege utsikter for dekning til ordinære kreditorar. Sjølve årsaka til konkursen er det for tidleg å seie noko om, og han trur det vil ta opptil seks månader å gjere ferdig buarbeidet.

Svært kritisk Div Group-sjef

Tidlegare eigar , Div Group-sjef Tomislav Debeljak, var ifølgje avisa med på skiftesamlinga frå Kroatia. Han meiner verftet hadde meir kapital, enn det blir hevda, og at dei er utsett for kriminelle handlingar.
Debeljak var svært kritisk til framstillinga frå bustyrar og opplyste at han hadde 30 punkter han ville sende inn skriftleg, ifølgje .

Les også:





Publisert: 24.08.2020 16:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01