Kleven snart oppe i 80 tilsette
Ein gamal kjenning har lagt til kai ved Green Yard Kleven og verftet førebur ny verksemd med resirkulering av skip.
Green Yard Kleven har fått hurtigruteskipet MS Finnmarken til kai ved verftet. Skipet som blei bygd ved verftet for snart 20 år sidan, skal no få hybrid framdrift og anna teknisk oppgradering.
Fleire oppdrag gir behov for fleire tilsette i arbeid ved verftet som har vore gjennom nokre tunge år. Ombygginga gir arbeid i nokre månader framover for verftet ved Ulsteinvik.
- Vi er allereie i gong med arbeidet på MS Finnmarken og reknar med å vere kring 80 tilsette i løpet av februar månad, og vurderer fortløpande om vi skal tilsette fleire, fortel verftsdirektør Kjetil Bollestad ved Green Yard Kleven til NETT NO.
Oppgraderast til ekspedisjonsskip
Hurtigruteskipet blei i 2020 totalrenovert innvendig og no er det tekniske oppgraderingar som står for tur.
I tillegg til batteripakke som skal drifte skipet i kombinasjon med dieselmotorane, skal det monterast nye kombinerte akselgeneratorar og drivmotorar saman med nye frekvensomformarar.
Etter at skipet er ferdig ved Kleven skal det ut i seglas for Hurtigruten Expeditions som eit fullblods ekspedisjonsskip, under namnet MS Otto Sverdrup. Reiarlaget har også planar om å bygge om MS Trollfjord og MS Midnatsol, som vil få namna MS Maud og MS Eirik Raude.
Les også: Hurtigruten oppgraderer tre nye skip
Startar resirkulering i første kvartal
Nyleg fekk verftet grønt lys frå statsforvaltaren i Møre og Romsdal til å drive resirkulering av skip. Førebels har dei ikkje starta det fysiske arbeidet på ferja Jondal som blir første fartøy til å bli resirkulert på Kleven.
- Vi jobbar no med ein gjenvinningsplan og kjem til å bruke jobben med Jondal til å lære. Førebuingane er godt i gong og vi reknar med å starte på sjølve jobben i løpet av første kvartal, fortel Bollestad.
Med løyvet til å resirkulere skip på plass, er Kleven-verftet det einaste verftet i Noreg som kan handtere heile livsløpet til skip; frå nybygg, reparasjon, ombygging og til slutt resirkulering.
Green Yard Kleven har for tida også arbeid med hurtigruteskipet Fram og vindskipet til Rem Energy til Rem Offshore.
Les også: Kongsberg-avtale med Div Group
Fekk grønt lys for resirkulering av skip
DIV Group-eigar har ikkje gitt opp Kleven-kampen
Podcast: Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK-flytting og eksport
Mest lest på NETT NO: Kleven-dramaet dominerte i 2020
Publisert: 16.02.2021 05:55
Sist oppdatert: 16.02.2021 09:45