Kleven tapte i finalen om prestisjeprosjekt
TIL INDIA: Kleven-sjef Kjetil Bollestad måtte sjå at oppdraget med dei to skipa gjekk til India. Asko omtalar fartya som sjødroner og planlegg ei heil-elektrisk transportkjede på veg og sjø.
Nytt

Kleven tapte i finalen om prestisjeprosjekt

To statstøtta førarlause skip skal i staden byggjast i India grunna lågare pris.  – Synd, seier Kleven-sjefen – men planlegg likevel investeringar.

Marius Rosbach
07.09.2020

Måndag blei det kjent at kjøparen til Green Yard Kleven på den mykje omtala PSV-en, glapp i siste lita. Dermed står verftet per no tilbake med oppdraget med å gjere ferdig ombygging av Nordbas-trålaren til Nordnes.

Ei gruppe tilsette er også ved Green Yard-verftet ved Fedafjorden i Agder, for å lære meir om resirkulering av skip. Nyheita er eit skot for baugen i arbeidet med å få det tradisjonsrike verftet på fote att.

– Vi er kring 30 tilsette per no, og vi blir ikkje særleg fleire før vi har lukkast med å selje PSV-en, eller sikre andre oppdrag, seier administrerande direktør Kjetil Bollestad til NETT NO.

Les også: PSV-kjøpar glapp for Kleven

Oppdrag gjekk til India
NETT NO er kjent med at verftet nyleg også var med heilt til finalerunden i kampen om å bygge to førarlause skip for Asko. Oppdraget gjekk til det indiske storkonsernet Cochin Shipyard

– Vi strakk oss så langt vi kunne, og hadde planar om å bruke robotteknologien var har på verftet. Det var synd at det gjekk til utlandet, seier Bollestad.

Planlegg investeringar på verftet
Trass i at verftet per i dag står utan større oppdrag, jobbar Bollestad og leiinga for fullt med å planlegge korleis dei skal resirkulere skip. Det er ein ny marknad dei siktar seg mot ved hjelp av sine nye eigarar i Green Yard.

nettnohalf

– Vi skal søke miljødepartementet for å få på plass ei godkjenning for korleis vi skal gjere det med ny infrastruktur kring beddingen, fortel Bollestad.

Her trengs løysingar for å handtere oljer, vatn og ulikt avfall når skipa skal trekkast opp.

– For å gjere det på ein lønnsam, effektiv og god måte, krev det betydelege investeringar på sikt. Og vi legg ein plan for det no, seier han.

Bollestad er også spent på om politikarane i dei komande kriseforhandlingane, vil utvide vrakpantordninga slik at også verftet kan få støtte.

– Det kan vere med å gi ein boost, trur verftsdirektøren.

Les også: Dette skipet avgjer kor fort Kleven-tilsette kjem i arbeid

Skal krysse Oslofjorden
NETT .NO har tidlegare omtala arbeidet med å bygge dei to skipa for Asko. Planen er at dei skal krysse Oslofjorden mellom Moss og Holmestrand. Slik vil matvaredistributøren Asko erstatte 150 daglege trailertransportar mellom lagera i Sande i Vestfold og Vestby i Viken.

Direktør Kai Just Olsen i Asko Maritime fortel til NETT NO at det i hovudsak var prisen som blei avgjerande for at dei valte Cochin-verftet i India.

– Kostnadene med å bygge i Norge blei for høge, sjølv om både Kleven og dei andre utstyrsleverandørane gjorde sitt beste for å få dei ned. Vi var i utgangspunktet villige til å strekke oss langt for å få bygd i Norge, seier han.

Olsen vil ikkje vere konkret på kor stor prisskilnaden er, og understrekar at det kan vere ulike skilnader mellom ulike typar skip. Prosjektet har også fått støtte frå Enova på 119 millionar til bygging av skip og infrastruktur.

Les også: Asko håper på eit norsk byggjeverft

Mykje utstyr frå norske leverandørar
Heile 60 prosent av totalprisen hamnar likevel hos norske leverandørar. Kongsberg Gruppen skal levere betydeleg av utstyret om bord, mellom anna det autonome styringssystemet som etter planen skal vere i drift innan 2024.

Olsen er overtydd om at Kleven ville gjort ein god jobb, men påpeiker at dei også fekk eit godt inntrykk av det indiske verftet.

– Det ville også vore enklare å følgje eit byggeprosjekt i Norge, legg han til.

Les også: Nesten full stopp for verfta utan oppdrett

Stor interesse for nye Kleven-prosjekt

Verftsarbeidarar forsøker vere tolmodige


Vi er kring 30 tilsette per no, og vi blir ikkje særleg fleire før vi har lukkast med å selje PSV-en, eller sikre andre oppdrag

Publisert: 07.09.2020 18:12

Sist oppdatert: 09.09.2021 22:18