Kleven tilsette om nytt Div Group forsoek Han kan gjerne proeve
TILLITSVALTE I STYRET: Frå venstre: Alf Johan Antonsen, Frank Hauge og Olav Høydalsvik representerer dei tilsette i Kleven-styret som fredag avgjorde at selskapet melder oppbod.
Nytt

Kleven-tilsette om nytt Div Group-forsøk: – Han kan gjerne prøve

Dei tillitsvalde har lita tru på at kroatiske Tomislav Debeljak kjem inn som verftseigar i Kleven på nytt.

Marius Rosbach
03.07.2020
Heilt sidan det blei knute på tråden mellom verftseigar Tomislav Debeljak og bankane i førre veke, har det vore hektisk aktivitet for å berge Kleven frå konkurs.
Olav Høydalsvik, Alf Johan Antonsen og Frank Hauge har representert dei tilsette i styret. Dei har naturlig nok meir innsikt enn mange andre om situasjonen som har vore dei siste dagane. Det har openbart vore eit spørsmål om pengar, som er årsak til at kroatiske Div Group fekk problem som verftseigar. Men det har også vore peike på manglande tillit hos bankane.
– Er det mangel på tillit, eller mangel på pengar som har vore avgjerande etter dokke sitt inntrykk?
– Det er først og fremst bankane som har mista tilliten til han. Og om ein ikkje kan få med seg ein bankkonstellasjon i Norge, så er det vanskeleg å drive ei bedrift her til lands, seier Høydalsvik.
Han meiner at så lenge situasjonen var slik, så var Debeljak i realiteten sjanselaus til å berge verftet frå konkurs.

Vil vere med som eigar vidare

Debeljak ga fredag uttrykk for at han vil . Det er ei løysing dei tillitsvalte ikkje har stor tru på.
– Han kan gjerne prøve det, seier Hauge.
– Eg trur det vil vere veldig vanskeleg, så lenge situasjonen er som den er, legg Høydalsvik til.
Det skal bli jobba med å få inn nye eigarar, og både , (Maritim Foreining for søre Sunnmøre) har gått og sagt dei ønsker ein norsk eigar.

Les også:



– Må velje å sjå positivt på framtida

Spørsmålet om framtida er no i hendene på bustyrar og bankane, men også dei tillitsvalte kryssar fingrane for at Kleven-konkursen kan vere ein ny start.
– Vi må velje å sjå positivt på framtida og håpe at det er nokon som vil hjelpe oss vidare, slik at vi kan fortsette å bygge båtar, slik vi har gjort i mange år her på Kleven, seier Hauge.
Dei påpeiker at verftet med tilsette og alle fasilitetar har ein stor verdi.
– Eg trur det kan vere folk som er interesserte i å eige oss, men eg håpar det ikkje går for lang tid, held Hauge fram.

Har vore grove skuldingar

Det har vore skuldingar mot Div Group-tilsette om trakasserande oppførsel og forretningskulturen skal ha sjokkert verftstilsette og leverandørar.
– Han har iallfall oppført seg skikkeleg i samband med styremøta, og kva som er gjort i andre samanhengar, kan ikkje eg uttale meg om, seier Høydalsvik.
Heller ingen av dei to andre tillitsvalte kan seie at dei kjenner til negative situasjonar i høve dei Div Group-tilsette.
– Eg kan ikkje seie at eg har noko å utsette på dei eg kjenner til som har vore her og gjort arbeid, legg Antonsen til.

Siste:




Mest skuffa over manglande oppdrag

Høydalsvik påpeiker at den største skuffelsen i høve Div Group mellom dei tilsette, går på kor mykje – eller rettare sagt – lite, av arbeid som er tilført verftet.
– Vi som tillitsvalte fekk vist fram plansjar med oversikt over kva båtar som skulle overførast frå Div Group til Kleven, men det har ikkje blitt noko av – utan at eg veit kvifor, seie Høydalsvik.
Debeljak sjølv har mellom anna peika på koronautbrotet stakk kjeppar i hjula, både i økonomien i Div Group, men også for dei praktiske moglegheitene til å følgje opp arbeidet ved verftet.
– I kva grad har dokke overraska over at situasjonen enda med konkurs?
– Vi har hatt nokre styremøte før det som var i dag, og vi har etter kvart innsett at det kunne gå slik. Men alle håpte på noko anna då dei kom hit, seier Hauge.

Alt om Kleven-dramaet:


Banksjef i Sparebank 1 SMSN:




Nordnes-reiarlaget bygger på Kleven:





Klubbleiar:








Tillitsvalt:



Verftsdirektøren:




Om ein ikkje kan få med seg ein bankkonstellasjon i Norge, så er det vanskeleg å drive ei bedrift er til lands

Publisert: 03.07.2020 15:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59