Kleven tvist med Sotra reiar
USEMJE: Myklebust Verft er usamde om oppgjeret etter bygginga av plattform-forsyningsskipet "Atlantic Art" som vart overlevert på ettersommaren i fjor. Søsterskipet "Atlantic Star" (biletet) vart overlevert i mai og døypt under Tall Ship Races i Bergen i fjor sommar.
Nytt

Kleven-tvist med Sotra-reiar

Atlantic Offshore og Kleven-selskapet Myklebust Verft er usamde om rekninga etter bygginga av forsyningsskipet "Ocean Art".

16.07.2015
- Det er ei sak som pågår, seier Ove Gjerstad i Atlantic Offshore.
Styrleiar Kjersti Kleven i Myklebust Verft stadfestar at tvisten gjeld "Atlantic Art".
Tvisten gjeld reparasjon av ein tank, som reiarlaget meiner det ikkje skal betale for. Tvert i mot vil reiarlaget ha erstatning for tap på grunn av den skadde tanken.

Usamde om garanti

"Atlantic Art" vart overlevert frå Myklebust Verft på seinsommaren 2014. Tidlegare på sommaren i fjor hadde verftet levert søsterskipet "Atlantic Star" og feira fartyet med skipsdåp under seglskipsregattaen Tall Ship Races i Bergen.

Medan verftet har inntektsført rundt ti millionar kroner for reparasjon av tanken på "Atlantic Art", meiner reiarlaget det er ei garantisak og har kravd inntil ni millionar kroner i erstatning for konsekvenskostnadar, skriv Myklebust Verft i årsmeldinga for 2014.

Svekka lønsemd

Myklebust Verft og Kleven Verft er dei to største og viktigaste selskapa i Kleven-konsernet.
Konsernet har tidlegare i sommar varsla om fallande lønsemd i 2014, men førebels ikkje offentleggjort fullstendig reknskap for fjoråret.

Går i pluss

Trass i fallande lønsemd gjekk både Kleven Verft og Myklebust Verft med overskot før skatt i fjor (sjå tabell).
Ordresituasjonen og behovet for å redusere kostnadane gjer at konsernet skal nedbemanne ut over hausten. Då konsernsjef Ståle Rasmussen la fram det førebelse reknskapet for Kleven tidlegare i sommar sa han at oppseiingar ikkje er til å kome utanom. Han ville ikkje talfeste kor mange som blir oppsagt, ut over at det er snakk om "godt under 100."
Ved utgangen av 2014 hadde konsernet 768 tilsette, om lag det same som i 2013.

Publisert: 16.07.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45