- I dag tek verftet nesten all riskoen i eit byggjeprosjekt. Eg ser for meg at vi i framtida kan samarbeide langt tettare, og også dele meir på risikoen.
- Om verftet tener, så tener også underleverandøren, sa adm. dir. Olav Nakken i Kleven under leverandørkonferansen i regi av Hødd i Ulsteinvik torsdag.
- For å lukkast med slike prosjekt, treng vi eit heilt anna og tettare samarbeid med underleverandørane enn vi har hatt hittil.
- Eg ønskjer at vi set oss ned saman og finn nye og betre samarbeidsmodellar, sa Nakken.
Stian Østrem, ansvarleg for forsyningstenestene i Kleven, sa at det er enorm skilnad å byggje eit pasasjerskip enn eit tradisjonelt offshoreskip.
- Viss vi skal ha like mange menneske tilsette på skipsverftet som i lavkostlanda, har vi ikkje ein sjanse.
- Vi må lære oss å bruke dei verktøya som finst for å samhandle med leverandørane, om ikkje vil mykje glippe.
Han viste at antal leverandørar til offshoreskip låg på 185, medan det er 305 med passasjerskip.
- Vi har fått over 1.700 fakturaer med same leverandør i eitt enkelt prosjekt. Det seier seg at då vert det mykje å forhalde seg til.
- Innreiing på passasjerskip i forhold til offshoreskip aukar 15 gongar.
- Vi har faktisk leigd heile det tidlegare Ekornes-bygget på Hareid for å lagre inventar og utstyr til Roald Amundsen og Fridtof Nansen.
- Innkjøpsordrane tredoblar seg, og det kom faktisk overraskande på oss at vi trengde all denne plassen til lagring.
- På ekspedisjonscruiseskipa snakkar vi 7.434 aktivitetar. Det er ein enorm skilnad.
- Vi ønsker no dialog med leverandørane for å gjere dette betre og meir effektivt.
- Om verftet tener, så tener også underleverandøren, sa adm. dir. Olav Nakken i Kleven under leverandørkonferansen i regi av Hødd i Ulsteinvik torsdag.
Ønsker tettare samarbeid
Han viste til erfaringar med bygginga av ekspedisjonscruiseskipa Roald Amundsen og Fridtjof Nansen til Hurtigruten.- For å lukkast med slike prosjekt, treng vi eit heilt anna og tettare samarbeid med underleverandørane enn vi har hatt hittil.
- Eg ønskjer at vi set oss ned saman og finn nye og betre samarbeidsmodellar, sa Nakken.
Stian Østrem, ansvarleg for forsyningstenestene i Kleven, sa at det er enorm skilnad å byggje eit pasasjerskip enn eit tradisjonelt offshoreskip.
1.700 fakturaer frå ein kunde
Han meinte at for å kunne byggje skip lønsamt, var ikkje løysinga å tilsetje fleire folk.- Viss vi skal ha like mange menneske tilsette på skipsverftet som i lavkostlanda, har vi ikkje ein sjanse.
- Vi må lære oss å bruke dei verktøya som finst for å samhandle med leverandørane, om ikkje vil mykje glippe.
Han viste at antal leverandørar til offshoreskip låg på 185, medan det er 305 med passasjerskip.
- Vi har fått over 1.700 fakturaer med same leverandør i eitt enkelt prosjekt. Det seier seg at då vert det mykje å forhalde seg til.
Leigd Ekornes-bygget
Han viste til at spesielt er innreiingsarbeidet med passasjerskip krevjande.- Innreiing på passasjerskip i forhold til offshoreskip aukar 15 gongar.
- Vi har faktisk leigd heile det tidlegare Ekornes-bygget på Hareid for å lagre inventar og utstyr til Roald Amundsen og Fridtof Nansen.
- Innkjøpsordrane tredoblar seg, og det kom faktisk overraskande på oss at vi trengde all denne plassen til lagring.
Frå 1.431 til 7.434 aktivitetar
Østrem viste også til at planlagde aktivitetar på eitt av offshoreskipa Kleven leverte ti Maersk, var planlagde aktivitetar på 1.431.- På ekspedisjonscruiseskipa snakkar vi 7.434 aktivitetar. Det er ein enorm skilnad.
- Vi ønsker no dialog med leverandørane for å gjere dette betre og meir effektivt.
Vi har fått over 1.700 fakturaer med same leverandør i eitt enkelt prosjekt
Publisert: 25.04.2019 17:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34






