Teigenes Heroy
GOD VEKE: Teigenes har meldt inn nær 500 tonn nordsjøsild i løpet av siste veka. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

– Knallbra sildeuke i Nordsjøen

Solid fangst for fleire båtar frå regionen.

Marius Rosbach
16.06.2025

«Knallbra sildeuke i Nordsjøen», heiter det i oppdateringa frå Norges Sildesalgslag for førre veke. 

Samtidig lar makrellen vente på seg i nord. 

Heile 59 ulike båtar melde inn om fiske av 22.100 tonn på nordsjøsild i veke 24. 

Ligg godt an samanlikna med i fjor
Halvvegs inn i månaden er det fiska 34.300 tonn – mot drygt 37.000 tonn heile månaden i fjor. 

Fiske har mellom anna gått føre seg på Korallbanken vest av Egersund og vidare nordover til austsida av Patchbanken. Det mest nordlege sildefeltet låg aust for oljefelta Oseberg og Veslefrikk. 

Storleiken på silda varierer mykje, og den største silda er lengst nord, ifølgje meldinga

Fleire lokale båtar i fangstjournalen
I fangstjournalen er det ein rekke båtar frå Nordvestlandet. Det beste fangstdagane, var tysdag og torsdag, men også i helga blei det meldt inn fleire fangstar. 

Teigenes meldte inn 225 tonn nordsjøsild søndag og 265 tonn tidlegare i veka. 

Ålesund-båten Gunnar Langva melde inn 265 tonn på laurdag og 125 tonn tidlegare i veka. Laurdag sikra Sæbjørn seg ein fangst på 165 tonn, medan Ørsta-båten melde inn 270 tonn før i veka. 

Kings Bay frå Herøy melde inn 280 tonn på søndag. Strand Senior – ein anna Ålesund-båt – melde inn 280 tonn rett før helga tok til, og hadde sikra seg 365 tonn tidlegare i veka. 

Herøyfjord har meld inn 245 tonn og Nordsjøbas 250 tonn sild. Også Herøy-båten Eros hadde fangst tidlegare i veka med 355 tonn nordsjøsild, ifølgje fangstjournalen

Publisert: 16.06.2025 15:14

Sist oppdatert: 16.06.2025 15:14

Mer om