Nytt
Ko&Ko byggjer nytt
I januar flyttar Ko&Ko inn i nytt og større bygg.
05.10.2017
Grunnmuren er reist, og i løpet av få veker er veggar og tak på plass i eit bygg med rundt 350 kvadratmeter grunnflate på Mjølstadneset i Herøy.
- Vi byggjer lager, kontor og showrom, seier grunnleggar og dagleg leiar Stine Elisabeth Goksøyr i klesprodusenten Ko&Ko.
Med sine fargerike kjolar har ho skapt ein vekstrakett i motebransjen.
Selskapet ligg i år an til å passere 12 millionar kroner i driftsinntekter. Det er meir enn dobbelt så mykje som i 2015.
Omlag 80 prosent av salet skjer gjennom nettbutikken, og varene blir skipa ut frå Herøy.
Øyvind Rekkedal i Ko&Ko vil ikkje kommentere kor stor investeringa i nybygget er, ut over å seie at det er eit "betydeleg beløp" for selskapet.
Samarbeidet med ein fabrikk i Polen, som er spesialisert på å levere i små seriar, har gjort det råd å kome ofte med nye plagg ofte.
Internett gjer det råd å vise fram plagget og få distribuert det til mange på kort tid.
- Vi byggjer lager, kontor og showrom, seier grunnleggar og dagleg leiar Stine Elisabeth Goksøyr i klesprodusenten Ko&Ko.
Med sine fargerike kjolar har ho skapt ein vekstrakett i motebransjen.
Selskapet ligg i år an til å passere 12 millionar kroner i driftsinntekter. Det er meir enn dobbelt så mykje som i 2015.
Meir plass
Nytt og større lagerlokale vil mellom anna forenkle drifta.Omlag 80 prosent av salet skjer gjennom nettbutikken, og varene blir skipa ut frå Herøy.
Øyvind Rekkedal i Ko&Ko vil ikkje kommentere kor stor investeringa i nybygget er, ut over å seie at det er eit "betydeleg beløp" for selskapet.
Små seriar
I starten lanserte Ko&Ko to kolleksjonar i året. No lanserer vi noko nytt kvar veke, sa Goksøyr til NETT NO i august i år.Samarbeidet med ein fabrikk i Polen, som er spesialisert på å levere i små seriar, har gjort det råd å kome ofte med nye plagg ofte.
Internett gjer det råd å vise fram plagget og få distribuert det til mange på kort tid.
Publisert: 05.10.2017 11:03
Sist oppdatert: 18.05.2021 05:47