Kokkemeister skal servere mat til sjoes
LAGAR MENYEN: I tida framover skal Gunnar Hvarnes (innfelt) arbeide med å finne ut kva som skal serverast til gjestene om bord i Havila Kystruten, som skal segle frå Bergen til Kirkenes frå neste år. 
Nytt

Kokkemeister skal servere mat til sjøs

Leier jakta på maten som skal serverast om bord i Havila Kystruten.

05.03.2020
(NPK): Gunnar Hvarnes leidde nettopp Noregs kokkelandslag til OL-gull. No sett han sjøbein med reiarlaget med hovudkontor i Herøy.
– Då vi leita etter nokon til å hjelpe oss med dette, peikte alle på Gunnar Hvarnes. Vi er svært glade over å få han med på laget, og ser verkeleg fram til å servere passasjerane våre det ypparste av norsk mat, seier kommersiell direktør i Havila Kystruten, Christian Gamsgrø, i ei pressemelding.
– Eg vil vise norsk mat og drikke frå si beste side. Sjølvsagt til dei utanlandske turistane, men samtidig skal vi også gi dei norske reisande smaken på god norsk mat, seier Gunnar Hvarnes.

Siger som coach

Då Noreg vann OL-gull i kokkekunst i 2008 var Hvarnes med som kokk. I år tok dei norske kokkane sigeren i land med hjelp av Hvarnes som coach og leiar for laget.
I tida framover skal Gunnar Hvarnes arbeide med kva som skal serverast til gjestene om bord i Havila Kystruten. Havila skal segle fire av dei elleve rutene på strekninga Bergen-Kirkenes frå januar 2021, og Gunnar Hvarnes skal bidra til at matopplevinga blir like bra som naturopplevinga. I tillegg skal han lære opp tilsette og planleggje alt frå servering til kva maten skal serverast på.

Jaktar lokale leverandørar

I jakta på dei gode smakane høyrer også jakta på dei gode leverandørane med. Gunnar Hvarnes seier han er ute etter både store og små leverandørar, og han ser etter dei som kan levere spesialprodukt for Havila Kystruten.

Les også:



(©NPK)

Publisert: 05.03.2020 11:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53