Kollegaer ringer og spoer om dei maa finne seg anna jobb
PÅ KLEVEN-BESØK: DIV Group- og Kleven-eigar Tomislav Debeljak (.t.h.) saman med tillitsvalt Olav Høydalsvik då dei koratiske eigarane besøkte verftet tidlegare i år. 
Nytt

Kollegaer ringer og spør om dei må finne seg anna jobb

Hovudtillitsvalt på Kleven ber dei tilsette om å halde roa etter at verftseigaren kom med dramatisk melding.

Marius Rosbach
27.06.2020
Hovudtillitsvalt Olav Høydalsvik for Fellesforbundet fortel at det er mykje uro mellom dei tilsette på Kleven etter at eigaren varsla om at verftet var i alvorlege økonomiske vanskar.
– Folk ringer og spør om dei må finne seg anna jobb, fortel Høydalsvik til NETT NO.
– Eg kan ikkje svare anna enn at dei må forsøke halde roa. Det er ingenting som er endeleg før den første (fristen til å finne ei løysing er 1. juli, journ. anm.).

Meir om saka:



Tillitsvalte informert onsdag

Situasjonen blei kjent for dei tillitsvalte på eit informasjonsmøte onsdag. Då blei det opplyst at dei tilsette sine representantar i styret bad om at det blei gjort tiltak for styrke eigenkapitalen under eit styremøte måndag.
Tysdag kveld var det generalforsamling der spørsmålet om buffer blei lagt fram. Styret var også samla att på onsdag.
Dei tillitsvalte hadde ikkje fått tilbakemelding om forslaget om eigenkapitalen – før e-posten NETT NO omtala fredag, blei sendt ut.
Der går det fram at fleire långivarar har sagt opp avtalene sine, og at verftet ikkje kan handtere sine finansielle forpliktingar. Konkurs er mellom alternativa som blir vurdert, om det ikkje er ei løysing på bordet innan 1. juli.

– Langt frå det som blei lova

Høydalsvik gir uttrykk for at dei tilsette har kjent på uro ei tid. Til laurdag fortel han at dei tilsette har opplevd at DIV Group har brukt mykje ressursar på å kontrollere arbeidet ved verftet og avtalar med leverandørar.
Fagforeiningsleiaren seier dei ikkje er overraska det som no skjer, etter utviklinga den siste tida. Han påpeiker at dei såg annleis på situasjonen i vinter.
– Vi er overraska ut frå at dette er langt frå det som blei lova då dei kjøpte oss. Då vi hadde møte i vinter lova det gull og grøne skogar, samanlikna med kva som har skjedd, seier han til NETT NO.
Høydalsvik legg til at koronasituasjonen sjølvsagt kan ha forverra økonomien til DIV Group. Verftsleiinga har tidlegare fortald til

Les også:










Vi er overraska på den måten, at dette er langt frå det som blei lova då dei kjøpte oss

Publisert: 27.06.2020 13:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59