Kom med jobb til 500 arbeidarar
Det tredje cruiseskipet til tysk storkonsern er kome til Vard-verft for utrusting.
Slepet av det nye ekspedisjonscruiseskipet til Hapag-Lloyd Cruises kom søndag til kai ved Vard Langsten i Tomrefjorden.
– Slepet kom til Sunnmøre laurdag ettermiddag, men av sikkerheitsmessige årsaker venta vi med mottak og rigging til det blei dagslys sidan det kan være is og snø om bord, fortel kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll i Vard til NETT NO.
Slepet med skroga venta natt til søndag i Storfjorden.
– På det meste vil det vere kring 500 personar som jobbar med prosjektet under utrustinga og ferdigstillinga ved Vard Langsten, opplyser Akselvoll.
Serie på tre skip
Cruiseskipet er det tredje i ein serie av ekspedisjonscruiseskip som det tyske storkonsernet har tinga frå Vard. hausten 2019.
Skipa er designa av Vard-avdelinga i Ålesund og har ein meir klassisk utforming, enn dei meir moderne Ponant-skipa, som verftskonsernet har bygd fleire av ved Søviknes-verftet.
Kystvaktskip er neste skrog
Langsten-verftet har eigentleg ei velfylt ordrebok, men har hatt mindre å gjere ei periode frå i haust. Arbeidarane her skal også handtere kjempekontrakten om bygging av tre kystvaktskip.
Verdien på rekordkontrakten for Vard, er på meir enn fem milliardar kroner.
Skroget til det første kystvaktskipet kjem til Nordvestlandet på vårparten. Tidlegare er det opplyst at kontrakten samla utgjer arbeid i seks år for verftskonsernet.
Publisert: 17.01.2021 12:48
Sist oppdatert: 18.04.2021 23:13