Kom med mykje arbeid til verftsarbeidarane paa Ulstein
NESTEN FRAMME: Slepet av Nexans Auroa passerte bygda Flø ved 11.30-tida måndag på veg til verftet i Ulsteinvik. 
Nytt

Kom med mykje arbeid til verftsarbeidarane på Ulstein

Slepet av den 149 meter lange kabelleggjaren Nexans Auroa framme på Sunnmøre. 

14.06.2020
Onsdag ettermiddag starta slepet frå Christ-verftet i Gdynia, og planen var at slepet skulle vere framme i Ulsteinvik tysdag, opplyser

Men på grunn av svært godt vêr, kjem slepet fram før. Tidleg måndag hadde slepebåten Stadt Kinn runda Stad (), og ved 11.30-tida passerte skroget Flø og stevna inn Ulsteinfjorden.
Utrustingsarbeidet av Nexans Aurora gjer d ved Ulstein Verft, sjølv om skipet har blitt delvis utrusta ved Christ-verftet i Gdynia.

Storoppdrag

Den 149 lange Skipsteknisk-designa kabelleggjaren er eitt av dei største skipa verftet har levert nokon gong.
etter at det kroatiske verftet som først blei valt, fekk økonomiske problem. Det betyr også at konsernet har fått ein god avtale, som sikrar lønsemd.
Nexans Auroa har allereie fått storoppdrag i samband med at britiske Seagreen Wind Energy Ltd. som er eigd av fornybar energi-giganten SSE, skal utvikle ein botnfast havvindpark utanfor den skotske kysten med en kapasitet på 1140 Megawatt.

114 turbinar skal installerast 27-80 kilometer utanfor kysten ved Dundee.

Stor kapasitet

Nexans Aurora er 31 meter brei, og skal utrustast for eit mannskap på 90.
Skipet vert spesialutstyrt for å leggje kablar på store djupne. Om bord skal også skal få om bord ein kabeltrommel som kan leggje to kablar samstundes, med ein samla kapasitet på 10.000 tonn.

Publisert: 14.06.2020 09:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58