Kommunane strammar inn
FÅR GÅR PÅ JOBB: Alle innbyggarane i Hareid som har vore utanfor Møre og Romsdal etter 12. mars må i karantene, men det blir gitt dispensasjonar for dei som har samfunnviktige oppgåver og for dei som ikkje kan arbeide heimanfrå. Rådmann Ragnhild Velsvik Berge og ordførar Bernt Brandal i Hareid er blant dei som styrer ein kommune med eigne smittevernreglar.
Nytt

Kommunane strammar inn

I dag gjorde Sande kommune som Ålesund, Giske og Sula og innførte reiserestriksjonar for folk frå storparten av Sør-Noreg.

17.03.2020
Dei som kjem til Sande frå fylka Oslo, Viken, Agder, Rogaland, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestland (Hordaland og Sogn og Fjordane), skal i heimekarantene i 14 dagar, melder Sande kommune på sine heimesider.
Det er same tiltak som Ålesund, Sula og Giske meld i går.
Hareid krev karantene frå alle innbyggjar i kommunen som har vore utanfor Møre og Romsda men gir dispensasjonar til folk som arbeider i Hareid eller andre kommuner - etter søknad frå arbeidsgivar. Kravet til å få ja til søknaden er at arbeidstakaren har eit yrke som er definert som avgjerande for å halde samfunnet i gang, eller det ikkje kan leggast til rette for å arbeide heimanfrå.
Hareid kom med sine tiltak søndag 15. mars.

Eigne tiltak

Fleire kommunar i Møre og Romsdal har innført innført eigne tiltak mot smitte av koronaviruset. Tiltaka avgrensar kvar innbyggjarar og/eller tilreisande kan ha vore i Noreg. Dei som kjem frå område som er definerte som å ha eit høgt smittepress. Dette er kommunane med eigne tiltak i følgje Fylkesmannei i Møre og Romsdal:
Vanylven, Sykkylven, Ålesund, Sula, Giske, Hareid, Vestnes, Sande, Molde, Averøy, Kristiansund, Rauma, Sunndal, Gjemnes, Hustadvika, Vestnes, Surnadal, Smøla, Tingvoll, Surnadal, Sande.
Vanylven, Sykkylven og Vestnes har gjort same vedtak som Ålesund, Giske og Sula.

Publisert: 17.03.2020 15:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54