Nytt
Kommunikasjonen svikta under smitteutbrot
Rapport viser problem med å nå fram til framandspråklege verftsarbeidarar ved Havyard-verft.
Marius Rosbach
14.12.2020
Ein rapport frå Folkehelseinstituttet (FHI) etter det store koronautbrotet på verftet i Hyllestad peikar på kommunikasjonssvikt og uavklart ansvarsfordeling.
Forfattarane skriv at små kommunar med større verksemder kor dei nyttar gjestearbeidarar er spesielt utsette.
Det Havyard-eigde verftet blei i slutten av september åstaden for eit utbrot der 94 personar blei registrert ved Covid-19-smitte.
– Det viste seg ved vanskar med å få brakt vidare informasjon til arbeidarane om årsak for testing, behov for karantene og isolasjon, kor lange desse var og kor viktig det var å overhalde dei, heiter det i rapporten.
Det var også uavklart ansvarsfordeling om oppfølgingsansvar for dei tilsette på verftet, i tillegg til at enkelte ikkje innsåg alvoret i situasjonen og difor ikkje fylgde smitteverntiltaka.
Halvanna veke ut i utbrotet rekrutterte kommuneoverlegen to polsktalande helsearbeidarar for å betra kommunikasjonen mellom helsetenesta og gjestearbeidarane.
Rapporten viser vidare manglar på ein systematisk oversikt over tilfelle og nærkontaktar under smitteutbrotet.
(lenke til pdf)
Forfattarane skriv at små kommunar med større verksemder kor dei nyttar gjestearbeidarar er spesielt utsette.
Det Havyard-eigde verftet blei i slutten av september åstaden for eit utbrot der 94 personar blei registrert ved Covid-19-smitte.
Vanskeleg å nå fram med informasjon
Rapporten viser mellom anna at kommunikasjonen til dei mange framandspråklege arbeidarane svikta.– Det viste seg ved vanskar med å få brakt vidare informasjon til arbeidarane om årsak for testing, behov for karantene og isolasjon, kor lange desse var og kor viktig det var å overhalde dei, heiter det i rapporten.
Det var også uavklart ansvarsfordeling om oppfølgingsansvar for dei tilsette på verftet, i tillegg til at enkelte ikkje innsåg alvoret i situasjonen og difor ikkje fylgde smitteverntiltaka.
Hyra inn polsktalande helsearbeidarar
Situasjonen blei meir komplisert ved at det var mange aktørar involverte, både av leverandørar og underleverandørar ved verftet i Leirvik.Halvanna veke ut i utbrotet rekrutterte kommuneoverlegen to polsktalande helsearbeidarar for å betra kommunikasjonen mellom helsetenesta og gjestearbeidarane.
Rapporten viser vidare manglar på ein systematisk oversikt over tilfelle og nærkontaktar under smitteutbrotet.
Les meir:
Smitteutbrot ved Fiskerstrand:
(lenke til pdf)
Det viste seg ved vanskar med å få brakt vidare informasjon til arbeidarane
Publisert: 14.12.2020 17:30
Sist oppdatert: 07.04.2021 21:34