Tomislav debeljak kleven konkurs innfelt triumph skip foto marius illustrasjon kongsberg maritime div group 11
SKULLE TIL KLEVEN: Div Group-sjef Tomislav Debeljak på veg inn til administrasjonsbygget hos Kleven i fjor sommar, etter å ha informert dei tilsette om konkursen. Eitt av oppdraga Div Group sa det ville plassere hos Kleven var utrustninga av skip som skulle byggast for Triumph Subsea Services. Innfelt til venstre illustrasjon av skipet slik det vart presentert i fjor sommar, til høgre slik det blir presentert i pressemeldinga frå Kongsberg Maritime i dag. Foto: Ogne Øyehaug/Illustrasjonar: Kongsberg Maritime/Div Group
Nytt

Kongsberg-avtale med Div Group

Kongsberg Maritime har inngått ein intensjonsavtale om å levere utstyrs- og teknologipakke til skip som skulle utrustast på Kleven Verft.

Marius Rosbach
11.02.2021

Intensjonsavtalen gjeld eit feltutviklingsfartøy (FDV) som skal byggast for det skotske selskapet Triumph Subsea Services. Avtalen har ein opsjon om leveransar til tre tilsvarende fartøy, fortel Kongsberg Gruppen i ei pressemelding.

Blir avtalen bindande betyr det arbeide til mellom andre Kongsberg Maritime sine anlegg i Brattvåg og Ulsteinvik, i tillegg til ingeniøroppdrag for Ålesund-kontoret, ifølgje Kongsberg Maritime.

Ifølgje meldinga er avtalen inngått med med Brodosplit Shipyard og DIV Group i Kroatia.

Skulle til Kleven
Brodosplit Shipyard er ein del av Div Group i Kroatia, den førre eigaren av Kleven Verft i Ulstein kommune.

Planen til DIV Group var opphavleg å bygge skroga til dei fire skipa i Kroatia og utruste dei hos Kleven.

Les også: Kleven nær kjempekontrakt

Like etter at det moglege oppdraget for Kleven vart offentlegjort i fjor sommar, enda Kleven i skifteretten

Les meir: Kleven konkurs

Etter det NETT NO erfarer er planen å bygge skipa ferdig i Kroatia.

Stor kontrakt
Blir avtalen bindande skal Kongsberg Maritime levere "en integrert pakke med motorer, thrustere, dekksmaskineri, sikkerhetssystemer, samt elektro- og kontrollsystemer. Triumph skal installere en egenutviklet bro, som sammen med KONGSBERGs digitale teknologi vil bidra til at skipene blir «future proof».", heiter det i pressemeldinga.

Ifølgje ei pressemelding frå Triumph Subsea Services i fjor sommar opplyser hadde selskapet gjort intensjonsavtale om å byggje to 200,2 meter lange og 35,0 meter breie skip, i tillegg til at det var inngått opsjonar på bygging av ytterlegare to skip. Kvart skip skal innreiast for 240 personar.

Skipa er teikna av Skipsteknisk i Ålesund, i samarbeid med Kongsberg.

Publisert: 11.02.2021 10:55

Sist oppdatert: 14.02.2021 21:40