Nytt
Kongsberg-gevinst på Evotec-sal
Salet av datterselskapet Kongsberg Evotec gav Kongsberg Gruppen ein gevinst på 107 millionar kroner.
10.05.2019
Gevinsten kjem fram i kvartalsrapporten for første kvartal, som Kongsberg Gruppen legg fram i dag.
Kongsberg Evotec i Ulstein var Kongsberg Gruppen sitt fotfeste på Nordvestlandet, men då Kongsberg Gruppen kjøpte marinedivisjonen til Rolls-Royce Marine måtte Kongsberg Gruppen selje Kongsberg Evotec av konkurranseomsyn.
- Dette er ei kjempemulegheit til å utvikle Kongsberg Evotec til eit endå større og betre selskap enn i dag. Det er også svært viktig at vi får behalde kompetansen og arbeidsplassane her i distriktet, sa Romestrand.
Då handelen blei inngått sa ikkje partane noko om prisen på selskapet.
1. april tok Kongsberg Gruppen over eigarskapen til marinedivisjonen til Rolls-Royce Marine. Då sa Kongsberrgsjefane at dei måtte ha litt tid til å snakke med leiarar og tilsett om korleis marinedivisjonen til Rolls-Royce skal smeltast saman med Kongsberg Maritime - eit datterselskap i Kongsberg Gruppen, mellom anna for å få opp lønsemda. I dag får dei tilsette den første informasjonen om kva konkrete endringar som kan eller vil kome.
"Integrasjonen av selskapet er godt i gang og ambisjonen er at den RRCM-relaterte delen i Kongsberg Maritime skal vise en positiv EBITDA i løpet av en 2-års periode. I første omgang arbeides det systematisk med å hente ut synergier som en konsekvens av samlokalisering, reduksjon i stab og støttefunksjoner samt øvrige harmoniseringstiltak".
Dei tilsette i Brattvåg blir orientert på eit allmøte seinare i dag.
Marinedivisjonen til Rolls-Royce auka driftsinntektene i første kvartal frå 1,7 milliardar kroner i 2018 til 1,9 milliardar i 1. kvartal i år. Auken kjem frå ettermarknaden, i følgje kvartalsrappporten. Driftsresultatet før av- og nedskrivingar (ebitda) var minus 173 millionar kroner i første kvartal i 2018 og blei minus 64 millionar kroner i første kvartal i år. Første kvartal 2019 er siste kvartal før marinedivisjonen til Rolls-Royce blei innlemma i Kongsberg Gruppen.
Kongsberg Evotec i Ulstein var Kongsberg Gruppen sitt fotfeste på Nordvestlandet, men då Kongsberg Gruppen kjøpte marinedivisjonen til Rolls-Royce Marine måtte Kongsberg Gruppen selje Kongsberg Evotec av konkurranseomsyn.
Romestrand tok over
Salet vart gjort i januar i år og kjøparen var Jogeir Romestrand sitt investeringselskap Rome, som også eig bygget Evotec held til i.- Dette er ei kjempemulegheit til å utvikle Kongsberg Evotec til eit endå større og betre selskap enn i dag. Det er også svært viktig at vi får behalde kompetansen og arbeidsplassane her i distriktet, sa Romestrand.
Då handelen blei inngått sa ikkje partane noko om prisen på selskapet.
God start
Kongsberg Gruppen hadde eit "godt første kvartal med økt lønnsomhet og god ordreinngang, spesielt innen de sivile virksomhetene." skriv selskapet i børsmeldinga.1. april tok Kongsberg Gruppen over eigarskapen til marinedivisjonen til Rolls-Royce Marine. Då sa Kongsberrgsjefane at dei måtte ha litt tid til å snakke med leiarar og tilsett om korleis marinedivisjonen til Rolls-Royce skal smeltast saman med Kongsberg Maritime - eit datterselskap i Kongsberg Gruppen, mellom anna for å få opp lønsemda. I dag får dei tilsette den første informasjonen om kva konkrete endringar som kan eller vil kome.
I pluss innan to år
Målet er å få verksemda i den tidlegare marinedivisjonen til Rolls-Royce til å få eit overskot før skatt, av- og nedskrivingar (ebitda) innan to år, heiter det i børsmeldinga:"Integrasjonen av selskapet er godt i gang og ambisjonen er at den RRCM-relaterte delen i Kongsberg Maritime skal vise en positiv EBITDA i løpet av en 2-års periode. I første omgang arbeides det systematisk med å hente ut synergier som en konsekvens av samlokalisering, reduksjon i stab og støttefunksjoner samt øvrige harmoniseringstiltak".
Endring i Brattvåg
Dekksmaskineriverksemda, som mellom anna held til i Brattvåg skal gjennom ei " større restrukturering for å sikre at området drives med tilstrekkelig lønnsomhet".Dei tilsette i Brattvåg blir orientert på eit allmøte seinare i dag.
Marinedivisjonen til Rolls-Royce auka driftsinntektene i første kvartal frå 1,7 milliardar kroner i 2018 til 1,9 milliardar i 1. kvartal i år. Auken kjem frå ettermarknaden, i følgje kvartalsrappporten. Driftsresultatet før av- og nedskrivingar (ebitda) var minus 173 millionar kroner i første kvartal i 2018 og blei minus 64 millionar kroner i første kvartal i år. Første kvartal 2019 er siste kvartal før marinedivisjonen til Rolls-Royce blei innlemma i Kongsberg Gruppen.
Publisert: 10.05.2019 07:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35