Lisa Edvardsen Haugan Kongsberg Maritime foto Marius Rosbach 11
GOD START: Lisa Edvardsen Haugan skal leie Kongsberg Maritime også etter at det blir skilt ut som eit eige og frittståande børsnoterte selskap i vår. Kongsberg Maritime har omlag 8000 tilsette, 1100 av dei på Sunmmøre.Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kongsberg Maritime-kontrakt i Korea

Gir jobbar i Brattvåg, på Harøya og i Ålesund.

26.01.2026

Kongsberg Maritime skal levere et komplett dekksmaskinerisystem til eit 127-meters konstruksjonsfartøy som skal byggast for det koreanske reiarlaget Hana Shipping. Fartøyet skal brukast til bygging og vedlikehald av vindkraftanlegg til havs, fortel Kongsberg Maritime i ei pressemelding.

Storleiken på kontrakten i kroner er ikkje opplyst, men talsperson Tove Åstesund Iversen i Kongsberg Maritime seier det er ei "betydeleg og viktig kontrakt for Sunnmøre og Kongsberg Maritime".

Artikkelen blir oppdatert

Viktigast for Brattvåg
Det er særleg Kongsberg Brattvåg dette er svært viktig for, ifølgje Åstesund Iverse. Her blir hydraulikkmotorane produsert og det meste av utstyret desig frå, med støtte frå Kongsberg Maritime i Ålesund.

Kontrakten betyr også arbeid for samarbeidspartnaren IP Huse på Harøya. IP Huse skal levere dei mekaniske hovudkomponentane i ankerhandteringsvinsjane til skipet.

Klart i 2027
Kongsberg Maritime har vore med på planlegginga av skipet heilt frå designarbeidet starta. Skipet skal overleverast til reiarlaget i juli 2027. Då vil det mellom anna vere utstyrt  med 500-tonns hovud slepe- og ankerhandtrerings-vinsj med tre tromlar og sekundærvinsjar for tauinstallasjon.

– Kongsberg Maritime har fleire tiårs erfaring innan ankerhandtering og offshore support fartøy. Saman med vår norske partner IP Huse er vi stolte av å ta med denne ekspertisen inn i den veksande marknaden for flytande havvind, seie senior salssjef Tore Herstad i "Offshore Support and Construction Units" i Kongsberg Maritime i pressemeldinga.

Publisert: 26.01.2026 09:25

Sist oppdatert: 26.01.2026 10:04

Mer om