Kongsberg seier opp 130 paa Sunnmoere
KUTT: Kongsberg Maritime-sjef Egil Haugsdal.
Nytt

Kongsberg seier opp 130 på Sunnmøre

Skipsdesign og dekksmaskineri vert hardast råka.

24.09.2019
- Vi er på rett veg driftsmessig og i ferd med å gå i pluss, men slit framleis på ein del områder.
Det seier kommunikasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime.

200 globalt

Totalt har Kongsberg Maritime 7.300 globalt og rundt 1.500 på Sunnmøre.
- Globalt skal ein nedbemanne med rundt 200 stillingar, men det vert på Sunnmøre dei største nedskjeringane kjem, seier Bonnevie Wollebæk.
Desse kutta kjem i tillegg til dei 100 som Kongsberg Maritime annonserte i juni.

Ålesund og Hjørungavåg

Dei tilsette vart orienterte på allmøter i dag.
Dei tilsette innanfor skipsdesign arbeider i Ålesund og i Hjørungavåg, medan dei fleste i dekksmaskineri arbeider i Brattvåg.
Anette Bonnevie Wollebæk seier at reduksjonane er ein del av kostnadsinnsparingane som Kongsberg la til grunn ved oppkjøpet av tidlegare Rolls-Royce Commercial Marine.
I dag har Kongsberg Gruppen kapitalmarknadsdag i Oslo.

Publisert: 24.09.2019 12:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39