Kongsberg-sjefen ventar 2021 blir som 2020
Kongsberg Maritime treng meir fart i marknaden for å få vekst i år.
- Vår følelse akkurat no er at vi kan klare å halde oss på same nivå som i 2020.
Det sa konsernsjef Geir Håøy i Kongsberg Gruppen då han svarte på spørsmål om ordreinngang og utsikter for 2021 for Kongsberg Maritime under presentasjonen av kvartalsrapporten for 4. kvartal for selskapet.
Kongsberg Maritime er det største selskapet i Kongsberg Gruppen, både målt i inntekter og tilsette og omfattar mellom anna anlegg og kontor på Longva, Brattvåg, i Ålesund, Hjørungavåg og Ulsteinvik.
Kongsberg Maritime har 1150 tilsette på Sunnmøre.
Ikkje vekst
2020 enda omlag som 2019 for Kongsberg Maritime.
Les også: Holdt stand i koronaåret
Skal Kongsberg Maritime får ny vekst må nybyggingsaktiviteten på verfta opp, og enda viktigare - aktiviteten i det som kalles ettermarknaden må opp, sa Håøy under presentasjonen i dag. Det betyr at det må meir vedlikehald, ombyggingar og reparasjonar til i år enn i fjor.
Sjå spørmål og svar her, cirka 37 minutter ute i sendinga
Små endringar
Oversikta over korleis det gjekk med dei ulike delane av verksemda i Kongsberg Maritime i 2020 samanlikna med 2019 viser at det er i ettermarknaden (divisjonen Global customer support & services) endringa frå 2019 til 2020 er størst, med ein auke i driftsinntektene på 17 prosent.
Reiserestriksjonar på grunn av tiltak mot koronaepidemien har vore ei ulempe, men Kongsberg Maritime har kunne gjort mange oppdrag ut frå stasjonane sine i utlandet.
Her er driftsinntektene til dei ulike divisjonane i Kongsberg Maritime, med driftsinntektene frå 2019 i parantes. Tala er i millionar kroner:
Global customer suppport & Services 7235 (6134)
Integrated solutions 4268 (4345)
Sensor & Robotics 2689 (2835)
Propulsion & Engines 2529 (2244)
Deck Machinery 803 (810).
Publisert: 11.02.2021 16:06
Sist oppdatert: 30.04.2021 11:07