rettssal illustrasjon foto marius 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Konkurs for bensinstasjon og interiørfirma

Slutt for to nye selskap på Nordvestlandet.

Marius Rosbach
05.01.2024

Møre og Romsdal tingrett opna konkurs i to nye selskap torsdag.

Midsund Bensin har vore i drift sidan starten på 1980-talet og melde oppbod til tingretten. Dei siste årsmeldingane viser underskot i tre av dei siste fem åra.

Rekneskapen frå 2022 viser ei omsetning på 17,5 millionar kroner og selskapet hadde tre årsverk sysselsett det året. Øyvind Meisingset har oppnemnt som bustyrar og første skiftesamling er 16. februar.

Slutt for interiørfirma
Også Skodje-firmaet Bagall har meldt oppbod etter fire års drift. Selskapet har drive handel med innreiingsartiklar og har firmaet primært hjelpt privatpersonar med interiør, ifølgje ei sak i Bygdebladet.

Etter ei omsetning på kring ein halv million dei første åra, hadde selskapet knapt omsetning i 2022. Axel Villads Lang er bustyrar i saka og første skiftesamling er 26. februar.

Ny konkursauke i fjor
2023 enda med ei konkursauke på 30 prosent for Nordvestlandet.

Også året før var det ei kraftig auke i talet på bedrifter som gjekk over ende, etter at tala hadde vore kunstig låge under koronapandemien.

Trenden frå 2022 med at fleire større selskap måtte gå til skifteretten, forsterka seg i 2023 - og fleire av dei konkursråka selskapa har halde på i fleire tiår.

Publisert: 05.01.2024 12:06

Sist oppdatert: 05.01.2024 12:09

Mer om