Konkurs butikk ålesund foto marius 11
ÅLESUND: Varehandel hadde eit tøffare år i fjor. I Ålesund måtte golv- og tapetbutikken H Svindseth stenge dørene etter meir enn 60 år. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ny kraftig konkursauke i 2023

30 prosents oppgang på Nordvestlandet. Sjekk kva selskap som ga opp drifta.

Marius Rosbach
03.01.2024

Det var 155 konkursopningar i 2023 i dei 20 kommunane NETT NO dekker på Nordvestlandet, viser tal frå Brønnøysundregistera.

Det er 36 fleire konkursopningar enn i 2022, då det var 119 selskap som gjekk over ende i regionen - og utgjer ei auke på 30 prosent.

Også året før var det ei kraftig auke i talet på bedrifter som gjekk over ende, etter at tala hadde vore kunstig låge under koronapandemien. Auken frå 2021 til 2022 var på 35 prosent.

NETT NO dekker 20 kommunar på Nordvestlandet. Det inkluderer Sunnmøre, Nordfjord (Kinn, Gloppen, Stryn og Stad) i tillegg til Molde, Rauma og Vestnes.

  • Klikk på kommunenamna under saka for å sjå kva selskap gjekk over ende i 2023
Konkursar 2023 kommunar graf
FLEST I ÅLESUND: 55 av 155 konkursopningar var i Ålesund. I andre enden av skalaen var Stad og Fjord med éin konkurs kvar.

Flest konkursar i folkerike kommunar
Ein av tre konkursopningar skjedde i Ålesund, som er den desidert mest folkerike kommunen i regionen.

Ein anna folkerik kommune, Molde, kjem på plassen bak med 20 konkursar i fjor. Kinn og Ørsta hadde 10 konkursopningar kvar i løpet av 2023.

I den andre enden av skalaen finn vi Fjord og Stad som berre hadde ei konkursopning kvar.

I førstnemnte var det eit byggfirma som melde oppbod etter kort tids drift, medan konkursen i i Stad, var anleggsfirmaet Per Røyrhus som ga opp etter meir enn 35 år i bransjen.

Begge sakene er typiske for konkursåret 2023: Mange selskap knytt til bygg- og anlegg har lagt ned drifta – og fleire av dei konkursråka selskapa har halde på i fleire tiår.

Meir om konkurstala

Konkursveksten i Møre og Romsdal fylke var på heile 49 prosent i 2023, samanlikna med året før. I 2023 var det registrert 193 konkursar i fylket, som var 64 fleire enn i 2022, då det var 129 konkursar.

I Vestland fylke var utviklinga mindre dramatisk, med ei auke i talet på konkursopningar på kring 18 prosent frå 2022 til 2023, viser tal frå Brønnøysundregistera.

Tøffare for varehandel og byggebransjen
Husbyggjarfirmaet Total-Bygg i Hjørungavåg er mellom dei som har meld oppbod etter meir enn 60 år i bransjen. Mangel på oppdrag var årsaka.

Fleire i byggebransjen har åtvara om ein marknad i full brems.

Også varehandel hadde eit tøffare år i fjor. I Ålesund måtte golv- og tapetbutikken H Svindseth stenge dørene etter meir enn 60 år. Butikkselskapet som har levert og montert det meste av golv til både bustad, næring og offentlege bygg, blei starta i 1961.

Slutt for tradisjonsrik Ørsta-bedrift
Trenden frå 2022 med at fleire større selskap måtte gå til skifteretten, forsterka seg i 2023.

I mai gjekk PE Bjørdal med fleire enn 75 tilsette konkurs. Årsaka til at den meir enn 100 år gamle bedrifta gjekk over ende var samensett.

I tillegg til svikt i oppdrettsmarknaden som følgje av lakseskatten, fekk bedrifta bortfall av Russland-marknaden etter Ukraina-invasjonen og tap på fleire prosjekt, som svekka økonomien.

Molde-konkurs råka flest
Den mest omfattande verksemdene som har gått konkurs på Nordvestlandet i år, er Langset-selskapa Langset KMC og Langset Yard Services.

Til saman hadde selskapa kring 140 tilsette då dei melde oppbod i mars. Dei tilsette fekk nye jobbar i andre selskap og konsernet tok over oppdraga til dei konkursråka bedriftene. I haust melde også Langset-selskapa Norwegian Marine Interior og Langset Bugge Gjertsen oppbod.

  • Klikk på kommunenamna under for å sjå kva selskap gjekk over ende i 2023

Publisert: 03.01.2024 14:37

Sist oppdatert: 03.01.2024 19:41

Mer om