Konkurs for Regionavisa
SLUTT: Fleire kostnadskutt hindra ikkje at redaktør og dagleg leiar Hugo Antonsen og resten av styret valde å melde oppbod i Nye Regionavisa. Arkivbiletet er frå meir optimistiske tider.
Nytt

Konkurs for Regionavisa

Selskapet Nye Regionavisa as er konkurs.

11.12.2017
Nye Regionavisa gir ut gratisavisa Regionavisa, som dekkjer Søre Sunnmøre.
Driftsinntekten krympa frå 12,4 millionar kroner i 2012 til 9,9 millionar kroner i 2016. Frå og med 2013 har selskapet gått med underskot som hva svinga mellom 0,1 og 0,6 millionar kroner.
Advokta Camilla Maria Solbakken er oppnemd til bustyrar.

Kutta kostnadar

Dei siste åra har Nye Regioavisa gjort fleire kostnadskutt, mellom slutte den i 2016 å distribuerer avisa i Nordfjord.

Det største kostnadskuttet kom i vår, då Regionavisa la om fra å sende ut ei papiravis kvar veke til å gi ut ei månadsavis. Samstundes skulle det satsast meir på nett, og tilby hjelp til digital marknadsføring til bedrifter.
- Det er ein marknad i bevegelse. Viss vi skal fange opp dei bevegelsane må vi bevege oss sjølve, seier redaktør og dagleg leiar Hugo Antonsen i Regionavisa til NETT NO i januar i år.

I mars kom den siste vekeavisa.

Nedgang i Ålesund

Media Vest, som gir ut gratisavis Nytt i Uka på Nordre Sunnmøre hadde 20,3 millionar kroner i driftsinntekter i 2014.
I 2016 var driftsinntektene redusert til 16,6 millionar kroner. Resultatet før skatt blei 44.000 kroner, som tilsvarar 0,3 prosent av driftsinntektene. Det er eit stort fall i lønsemda samanlikna med åra 2011-2015, då resultatet før skatt svinga mellom 12 og 19 prosent av driftsinntektene.

Publisert: 11.12.2017 18:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16