Konkurs for Sunnmoere Eigedom Moldtu
TAPTE: Edgard Sandangers argument for at Sunnmøre Eigedom Moldtu ikkje burde gå konkurs vann ikkje fram i retten.
Nytt

Konkurs for Sunnmøre Eigedom Moldtu

Edgar Sandanger greidde ikkje å unngå konkurs i Sunnmøre Eigedom Moldtu.

29.05.2019
Søre Sunnmøre Skifterett har opna konkurs i selskapet etter krav frå Innovasjon Norge.
Det går fram av ein kjennelse frå retten onsdag.

Ville unngå konkurs

Sandanger greidde tidlegare i år få omgjort vedtaket om å tvangsoppløyse selskapet, men måtte gi tapt i retten.
Han har argumentert med at selskapet har potensielle leigetakarar på hand, og at Innovasjon Norge sjølv har sett selskapet i ein tvangssituasjon ved å ikkje ville forhandle om ei minneleg ording.

Thore Heggen er oppnemd som bustyrar.

Insolvent

Rettens vurdering er at Sunnmøre Eigedom Moltu både har negativ eigenkapital og manglar midlar til å gjere opp for seg. Difor er grunnlaget for å opne konkurs til stades.
Selskapet Sunnmøre Eigedom Moldtu eigde anlegget på Moltustranda som sist husa Edgar Sandangers lakseforedlingsbedrift Sunsea, som gjekk konkurs i fjor.

Takst på 5,5 millionar

Eigedomen omfattar røykeri, pelagisk fiskemottak, fryseri og kaier. Kaiene er dels i betong og dels i tre, med ni meters djupn ved betongkaia.
Taksten på eigedomen er 5,5 millionar kroner. Innovasjon Norge har eit tinglyst pant på 20 millionar kroner i eigedomen.
Eigedomen har vore lagt ut på tvangssal, men no er det bustyrar som i første omgang må ta stilling til kva som skal gjerast med eigedomen.
Les også:

Publisert: 29.05.2019 15:52

Sist oppdatert: 15.06.2021 10:27

Mer om