Konkurs for to Ørsta-selskap
Kroken på døra grunna milliongjeld til skattestyresmaktene.
Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapa Aktiv Montering og Aktiv Prosjekt med same eigar i Ørsta.
I Aktiv Montering opna tingretten konkurs som følgje av krav frå skattestyresmaktene på 1,4 millionar kroner. Bakgrunnen for krava er manglande betaling av arbeidsgivaravgift og moms, ifølgje rettspapira.
Melde oppbod
Aktiv Prosjekt melde sjølv oppbod til tingretten og har opplyst at bedrifta har ei samla gjeld på kring 2,5 millionar og at verdiane er anslått å vere om lag to millionar kroner.
Advokat Linda Brevik er bustyrar i begge sakene, og opplyser til NETT NO at ho skal i møte med leiinga tysdag.
Ho kan difor ikkje seie meir om bakgrunnen for at selskapa har gått over ende.
Lukkast ikkje med å berge selskapet
Aktiv Prosjekt har drive med oppføring og rehabilitering av bygningar, i tillegg til sal, kjøp og drift av eigedom. Verksemda har er innstilt og det var ikkje tilsette på konkurstidspunktet.
Aktiv Montering har mellom anna drive med fotografering og sal- og innramming av bilde.
I avgjerda om å slå Aktiv Montering-selskapet konkurs, påpeker tingretten at det er planlagt fleire konkursmøter som er blitt avlyst.
Styreleiar i selskapet møtte i retten og orienterte at dei har forsøkt å redde selskapet, utan å lukkast.
Tapt eigenkapital
Aktiv Montering blei starta i 2017 og rekneskapane har enda med underskot i tre av dei fem åra sidan. Omsetninga har samtidig auka, og i 2021 hadde selskapet inntekter på 6,1 millionar kroner.
I rekneskapen for 2021 blir det påpeika at eigenkapitalen er tapt og at vidare drift blir vurdert fortløpande.
Leiinga opplyste at det var teke grep og gjort omstrukturering, men at det kosta. Om dei lukkast med å auke produksjonen, kunne det gi håp om at framtida skulle sjå lysare ut, heitte det i årsrapporten.
Aktiv Prosjekt-selskapet blei starta hausten 2020 og har berre hatt eitt heilt driftsår. Rekneskapen for 2021 viser ei omsetning på 7,2 millionar kroner og eit driftsresultat på 90.000 kroner.
Publisert: 21.03.2023 13:16
Sist oppdatert: 21.03.2023 13:51