Konkurs i K A Aurstad
KONKURS: 212 tilsette er berørt av konkursen.
Nytt

Konkurs i K.A. Aurstad

Enterprenørselskapet K.A.Aurstad i Ørsta er konkurs. Fekk banesår i Trøndelag.

06.12.2018
212 tilsette blir råka av konkursen, .
Det er med tungt hjarte at styret i bedrifta måtte konkludere med at det ikkje var nokon annan veg enn å melde oppbod, skriv selskapet i eit pressemelding til Møre-Nytt.

Tap på E6

Entreprenørselskapet var med på å byggje ny E6 sør for Otta i Gudbrandsdalen, men har aktiviteten har krympa etter at det oppdraget var over.
Frå 2016 til 2017 fall driftsinntekten med 120 millionar kroner, til 392 millionar. 2017 enda med eit underskot på 28 millionar kroner.

Banesår i Trøndelag

Det er betydlege tap på eit stort vegprosjekt i fjor som er hovedårsak til at eigarar og leiinga ikkje har lukkast med å berge selskapet, i følgje pressemelding.
Prosjektet er bygging av ein 6,5 kilometer på E6 sør for Trondheim, der K.A.Aurstad er underleverandør.
Tapa på prosjektet har blitt større i 2018 og er så langt på over 80 millionar kroner, i følgje pressemeldinga.
Prosjektet har ikkje berre tappa selskapet for penger, men og gjort gått ut over drifta av andre deler av verksemda.

Familieselskap

K.A.Aurstad er bygd opp av Kjell Arne Aurstad og var eigd ved selskapet Aurstad as ved konkursen. Aurstad as har Cato Aurstad og Kjell Arne Aurstad.
Bustyrar er Håvard Wiker. Første skiftesamling er i Søre Sunnmøre Tingrett 10. januar 2019.

Publisert: 06.12.2018 14:31

Sist oppdatert: 04.05.2021 14:27