Sunnmøre tingrett foto ogne
Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Konkurs nummer 58 i bygg- og anlegg i år

Moms- og skattekrav velta entreprenørfirmaet.

Marius Rosbach
12.11.2024

Møre og Romsdal tingrett opna tysdag konkurs i Ørsta Maskinservice. 

Selskapet skulda kring 350.000 kroner i moms- og skatt, og blei teke til retten av skatteetaten. 

Selskapet erkjente at dei skulda pengane, og at det også var meir gjeld. 

Verdiane i selskapet er anslått til ein halv million kroner. 

Verksemda innstilt
Ørsta Maskinservice blei registrert i 2021, og har berre levert rekneskap for 2022. Det viser ei omsetning kring 2,5 millionar og eit overskott på knappe 90.000 kroner. 

Verksemda er innstilt og firmaet hadde ein tilsett, ifølgje rettspapira.

Bustyrar i saka er Jørund Knardal og første skiftesamling er planlagt 20. desember.

58 av 179 konkursar i bygg- og anlegg
Ørsta-firmaet er konkurs nummer 58 i bygg- og anleggsbransjen i Møre og Romsdal så langt i år. Det utgjer nær ein tredel av alle dei 179 konkursopningane som har vore i fylke. 

37 av bygg- og anleggskonkursane har kom hos selskap som er oppført å drive med spesialisert bygg- og anleggsverksemd – til eksempel entreprenørar. 21 selskap har vore registrert innan oppføring av bygg.

Nest flest konkursar i varehandel
Varehandel er bransjen som ligg nærast opptil bygg- og anlegg i talet på konkursar med 28 selskap som har gått over ende i Møre og Romsdal så langt i år. 

Blant overnatting og serveringsverksemder har det vore 14 konkursar i fylket.

Publisert: 12.11.2024 16:13

Sist oppdatert: 12.11.2024 16:14

Mer om