Konkurs paa Amfi Moa
MOA: Amask er konkurs etter seks års drift.
Nytt

Konkurs på Amfi Moa

Mobiltelefonreparatørar gir opp etter seks år.

21.04.2020
Selskapet Amask vart oppretta i 2014, og har hatt lokale på Amfi Moa.
Amask har marknadsført seg som Iphonespesialisten og har blant anna hatt reparasjonsverskted med hovedfokus på Iphone, Samsung og andre androide telefonar.

Tap i 2018

I butikklokala har Amask også hatt eit stort delelager med originale deler og erstatningsdeler.
I dei første fire åra dreiv selskapet med overskot, men i 2018 vart det eit tap på 0,3 millionar kroner av ei omsetning på 2,3 millionar.
No er selskapet konkurs.
Bustyrar er advokat Oda Birgitte Ørmen Vinjevoll, og første skiftesamling er 25. mai i Sunnmøre tingrett.

Publisert: 21.04.2020 08:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56