Konkursbu i pluss
OVER TAKST: Konkurransen om dette bygget gjorde at konkursbuet i Petrines Gjestgiveri gjekk i pluss. Christine Olsvik og Ole Stavdal Vikenes (innfelt), som og driv Blåtind Boutique Hotel i Stordal, fekk tilslaget.
Nytt

Konkursbu i pluss

Etter at konkursbuet hadde seld bygg og innbu hadde Petrines Gjestgiveri nok pengar til å dekke alle krav.

04.05.2020
Eigarane av Petrines Gjestgiveri i Nordal i Fjord kommune kasta inn handkleet i oktober 2019.
Dei nye drivarane tok over drifta året før, og satsa på heilårsdrift.

Konkurranse om eigedomen

No er buet levert tilbake til eigarane. Dei får 185.658 kroner, og alle krav frå kreditorar er dekt går det fram av sluttinnberetninga for konkursbuet.
Grunnen er at det var rift om å få kjøpe den tidlegare aldersheimen i Norddal, som vart bygd om til gjestegiveri i 1991/1992.
Taksten på bygget var 1.750.000 kroner. Selskapet Petrines Eiendom fekk tilslaget i starten av januar, for 1.975.000 kroner for bygget og 200.000 kroner for innbuet. Petrines Eiendom har same eigarar som Blåtind Boutique Hotel.

Utvida kapasiteten

Dagleg leiar Ole Stavdal Vikenes i Blåtind Boutique Hotel i Stordal stadfesta kjøpet.

- Vi ser potensialet i Petrines og ettersom vi har behov for meir kapasitet på Blåtind Boutique Hotel var timinga bra. Bygget har ei lang og fin historie og vi kjem til å halde på namnet Petrines, sa han til NETT NO.

Publisert: 04.05.2020 09:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56