Konkurskarantene for restaurantdrivar
KONKURS: Bustyrar Linda Brevik meinte forretningsverksemda i Herøy-restauranten var slik at innehavaren burde få forbod mot å drive forretningar. Søre Sunnmøre tingrett var samd i vurderinga.
Nytt

Konkurskarantene for restaurantdrivar

Den tidlegare innehavaren av spisestad i Herøy får ikkje lov å drive forretningar på ei stund.

Marius Rosbach
03.12.2020
Innehavaren av enkeltpersonføretaket Sofram Takeaway & Catering, som gjekk konkurs i januar i år, er ilagt konkurskarantene. Det betyr at vedkomande har forbod mot å drive forretningsverksemd til januar 2022.
Selskapet hadde adresse på Nerlandsøy i Herøy, men innehavaren dreiv verksemd i Fosnavåg sentrum.

Lagt vekk av politiet

I kjennelsen frå Søre Sunnmøre tingrett går det fram at karantenen er ilagt på bakgrunn av «uforsvarleg forretningsførsel».
Bustyrar Linda Brevik skriv i sluttberetninga i saka at ho meiner det omfanget av mistenkte lovbrot som er avdekka i bubehandlinga, burde gi karantene. Ei rekke forhold i samband med konkursen blei meld til politiet, men dei har lagt vekk saka.
Vedkomande har også hatt ei sentral rolle i selskapet Smyrna Bygg som gjekk konkurs for nokre år sidan.

Skal ha selt selskapet

Selskapet sine eigedelar skal ha blitt selt til ein anna person i fjor haust, men det er ikkje dokumentert kven selskapet formelt er selt til, og det er ikkje lagt fram salsavtale som dokumenterer salssum, eller kva for eigedelar seld, ifølgje bustyrarrapporten.
Bustyrar påpeiker at det kunne ha vore grunn til å gjere om eit slik grep kort tid før konkurstidspunktet. Fordi det er lite midlar i buet blei det ikkje jobba vidare med dette.
Mykje tid i buarbeidet gjekk med til å handtere lønnskrav til sju tidlegare tilsette. Det har vore behov for rådgjeving og det har vore vanskeleg å få oversikt over drifta.

Krav på 1,7 millionar

Etter konkursen er det meldt 35 krav til buet og som samla utgjer 1,7 millionar kroner. Det var ikkje midlar i buet til å dekke nokon av krava.
Det var ingen eigedelar av verdi i selskapet ved tidspunktet for konkurs. Ein konteiner blei abandonert til skuldnar, fordi den ikkje hadde økonomisk verdi for buet, ifølgje sluttberetninga.

Publisert: 03.12.2020 15:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:06